Høyring - Forskrift om å godkjenne Smøla kommune som typisk turiststad

Høringsfrist:
21. juni 2019

Fylkesmannen i Møre og Romsdal sender herved forslag om å godkjenne Smøla kommune som typisk turiststad ut på høyring.

Publisert 13.06.2019

Lovhenvisning

Lov om heilagdagar og heilagdagsfred (24. februar 1995, nr. 12) § 5 sjette ledd.

Søknad frå Smøla kommune

Smøla formannskap har i vedtak av 28.05.19 sak 59/19 vedteke å søkje om at heile Smøla kommune får status som typisk turiststad. Søknaden gjeld perioden vår og sommar då kommunen har størst turisttrafikk.

Primært påska og frå 1. mai til 1. september. Opningstidslova vart oppheva frå 1. april 2003 og erstatta av endringar i lov om heilagdagar og heilagdagsfred. Frå 1. april 2003 er restriksjonane på opningstider på kvardagar oppheva. Forbodet mot søndagsopne butikkar er vidareført i lov om heilagdagar og heilagdagsfred § 5 første ledd.

Unntak

Det er gjort visse unntak i lova, unntak som tillet at til dømes utsalsstader med bestemte varer (kioskvare, daglegvarer eller bensin/drivstoff) og som har eit butikkareal som er mindre enn 100 kvm/150 kvm, får halde ope på søn- og helgedagar. Det same unntaket gjeld for område som kan reknast som typiske turiststader.

Fylkesmannen i Møre og Romsdal fylke godkjenner ved forskrift kva for område dette gjeld. Det er helst eit mindre, avgrensa område i ein kommune, men og heile kommunar kan reknast som typisk turiststad.


Fylkesmannen i Møre og Romsdal har elles heimel til å gi dispensasjon frå
helgedagsreglane for eit kortare tidsrom, når det ligg føre særlege grunnar.

"Typiske turiststader"

Med typiske turiststader meiner ein i første rekkje mindre stader der salet i periodar
hovudsakleg skjer til turistar. I følgje Ot.prp nr 11 (2002-2003) tenkjer ein på stader der talet på fastbuande er lite i høve til talet på tilreisande/besøkande i løpet av året, som til dømes på Beitostølen og i Geiranger. Eit kjenneteikn ved ein turiststad er vidare at dei næringsdrivande ofte er avhengig av ein turistsesong, då kundegrunnlaget er for lite til at dei kan overleve på sal til dei fastbuande. Kor lang turistperioden må vere, og kor stor del av omsetninga som må skje til turistar i denne perioden, må avgjerast konkret i kvart einskild tilfelle.


Unntaket for utsal på typiske turiststader kan gjelde for heile året eller for deler av året. Dei næringsdrivande på typiske turiststader kan fritt bestemme opningstidene på utsalsstadene sine sjølv.

Spørsmål og moment som kan ha innverknad for vurderinga er til dømes:

  • Konkurransen om turistane kan vere hard, og kva for verknad har opningstidene for turisthandelen i området/kommunen.

  • Oppstår det konkurransevriding mellom næringsdrivande i ulike delar av kommunen, dersom berre ein del av kommunen får slik status?

  • Vil høvet til søndagsopne butikkar forstyrre helgedagsfreden?

  • Kva vil det ha å seie for arbeidstilhøya til dei tilsette - med omsyn til fritid,
    utradisjonell arbeidstid, høve til deltidsarbeid osb?

  • Unntak for heile året eller for deler av året.

Ein viser til at utsalsstader som er med i opprekninga i § 5 i lova, i alle høve er unnatekne frå forbodet mot søndagsopne butikkar.

 

Kommentarar til Fylkesmannens forslag skal sendast til:
Fylkesmannen i Møre og Romsdal, Pb 2520, 6404 MOLDE

Høringsfrist:
21. juni 2019