Rapport frå tilsyn med Kvam herad

Det kom ikkje fram opplysningar som gir grunnlag for å konkludere med at krav i sosial- og helse- og omsorgslovgjevinga er brotne.

Vi har undersøkt om heradet ved si leiing og styring har lagt til rette for og følgjer opp at personar 18 år og eldre med samtidig rusmiddelproblematikk og psykisk liding får individuelt tilpassa, koordinerte og forsvarlege tenester.

Innan dei områda tilsynet var avgrensa til og ut frå opplysningar som vi fekk, har leiinga lagt til rette for og kan følgje med på at brukarane får individuelt tilpassa og forsvarlege tenester.

Dato:
13. mars - 15. mars
Sted:
Kvam herad
Ansvarlig:
Helse- og sosialavdelinga
Målgruppe:
Personar 18 år og eldre med samtidig rusmiddelproblem og psykisk liding

Kontaktpersoner