Rapport frå tilsyn med Kvinnherad kommune, legevaktordning

Ved tilsynet påpeika vi tre avvik frå krav i helse- og omsorgslovgjevinga. Kommunen retta eitt av dei i løpet av nokre få dagar.

 

Rapporten omtalar funn innan dei områda tilsynet var avgrensa til og gir ikkje ei fullstendig framstilling av legevaktordninga.

Kommunen har lagt til rette for øving og samtrening for alle som arbeider på legevakt, legekontor og ambulansepersonell.

Vi har påpeika tre brot på krav i helse- og omsorgslovgjevinga:

1. Det er ikkje tilstrekkeleg avklart og kjent kva ansvar og mynde som ligg til einingsleiar for legetenester og legevakt, kommuneoverlege som medisinsk fagleg ansvarleg for legevakt og legevaktleiar.

2. Turnuslege har ikkje bakvakt som kan rykkje ut når det er nødvendig.

Kommunen gav skriftleg tilbakemelding om at avviket er retta frå og med 11.12.2017.

3. Det er ingen etablert rutine og forskjellig praksis for kommunikasjon og samarbeid     
mellom vakthavande lege og Stord legevaktsentral.

Kommunen har frist til 15. februar 2018for å gjere greie for retting av avvik nummer 1 og 3.  

Dato:
7. desember - 8. desember
Sted:
Kvinnherad kommune
Ansvarlig:
Helse- og sosialavdelinga

Kontaktpersoner