Tilskot til styrking av habilitering og rehabilitering i kommunane

Dette er 2. utlysing i 2018 og vi har 2 280 000 kroner til fordeling. Søknadsfrist 20. oktober 2018. Kommunar som framleis ikkje har ein oppdatert plan for habilitering og rehabilitering og som ikkje har søkt om tilskot, blir spesielt oppmoda om å søkje.

Tilskotet er eitt av tiltaka i Opptrappingsplanen for habilitering og rehabilitering 2017-2019 og skal stimulere til å utvikle og styrkje dei kommunale tenestene. Det er eit mål at kommunane på sikt skal overta fleire oppgåver frå spesialisthelsetenesta, og at hovudtyngda av habiliterings- og rehabiliteringsinnsatsen skal skje i kommunane. Utfordringane er omtalte i stortingsmeldinga «Fremtidens primærhelsetjeneste», kapittel 21.

Korleis søkje

Klikk på lenka for å søkje: Styrking av habilitering og rehabilitering i kommunane.

Kommunar som framleis ikkje har ein oppdatert plan for habilitering og rehabilitering og som ikkje har søkt om tilskot, blir spesielt oppmoda om å søkje.

Mål

Styrking av tenestene i tråd med Opptrappingsplan for habilitering og rehabilitering 2017-2019 og i samsvar tilrådingar i Veileder for rehabilitering og habilitering, individuell plan og koordinator. Innan utgangen av 2017 skal kommunen ha ein oppdatert plan for habilitering og rehabilitering.

Delmål

a) Styrkje pasientar og brukarar sine vilkår for å oppretthalde og eller gjenvinne fysisk, sosial og eller psykiske meistringsevne.

b) Førebyggje og utsetje behov for kompenserande tenester.

c) Sikre at dei kommunale tilboda dekkjer befolkninga sine behov når det gjeld fagleg innhald, kvalitet og kapasitet, jamfør Meld. St. 26 (2024-2015), med hovudvekt på kapittel 21.

d) Styrkje samarbeidet med brukarorganisasjonar, spesialisthelsetenesta og andre sektorar i og utanfor kommunen.

e) Sikre at pasientar og brukarar får oppfylt retten til individuell plan og koordinator.

f) Sjå til at koordinerande eining samordnar tenestene på tvers av fag, nivå og etatar.

Tildelingskriterium

Tildelinga av tilskot skjer etter ei skjønnsmessig vurdering. Vi vurderer venta måloppnåing i søknaden opp mot måla for tilskotsordninga og om søknaden viser

  • tiltak for å lage eller oppdatere plan for habilitering og rehabilitering,
  • korleis kommunen sikrar at tilbodet er i samsvar med befolkninga sine behov,
  • korleis tiltaka skal bidra til å oppfylle krava og tilrådingane i Veileder for rehabilitering og habilitering, individuell plan og koordinator og kriteria for måloppnåing under punkt 3 i regelverket for tilskotsordninga.
  • korleis kommunen samarbeider med brukarorganisasjonar, spesialisthelsetenesta og aktørar utanfor helse- og omsorgstenesta,
  • at koordinerande eining er sentral i planarbeidet og at søknaden er forankra på rådmannsnivå.

I tillegg til dei særskilte krava i regelverket for ordninga, er det også lagt til grunn kommunal eigenfinansiering. Tilskotet skal gå til stimulering av opptrappinga i kommunen, og det må gå fram av finansieringsplanen for tiltaket korleis kommunen vil styrkje eller omstille habiliterings- og rehabiliteringstenestene.

Rapportering

Krav til rapportering og rapporteringsfrist går fram av tildelingsbrevet. Mal for rapportering om bruken av tilskotet blir sendt ut til hausten.

Kommunen skal rapportere til Fylkesmannen innan 1. april neste år. Vi tek atterhald om at rapporteringsfristen kan bli endra til ein tidlegare dato i 2019.

Søknadsfrist:
20.10.2018 23:59:00
Målgruppe:
Pasientar og brukarar med nedsett funksjons- og meistringsevne som kan ha nytte av habilitering og rehabilitering. Tilbodet må samsvare med breidda i behov for sosial, psykososial og medisinske habilitering og rehabilitering.
Ansvarlig:
Fylkesmannen
Hvem kan søke:
Kommunane i Hordaland
Rapporteringsfrist:
01.04.2019 00:00:00