Regionalt miljøtilskot (RMP) 2018

Det blir endringar i enkelte tilskotsordningar i RMP i 2018. Dette gjeld tilskot til nedlegging av husdyrgjødsel, tilskot til beite i landskapsparkar, tilskot til stølsdrift og tilskot til bratt areal.

Søknadsfristen for dei regionale miljøtilskota (RMP) vert i år 15. oktober.  Dette blir gjort for at det skal bli lettare for søkjarane å hugse søknadsfristen, som no blir same dag som for søknad om produksjonstilskot.

Regionale miljøtilskot er tilskot til føretak som har landbruksdrift i Hordaland og som fyller grunnvilkåra for produksjonstilskot i jordbruket. Føretaka må òg fylle vilkåra for dei ordningane som det søkjer på.

Maks utbetaling på tilskot til nedlegging av husdyrgjødsel (tiltak mot utslepp til luft) blir redusert til kr 30 000 pr føretak. Satsen pr areal er førebels lik som i fjor. Satsen på tilskotet til beitedyr på innmarksbeite i landskapsparkar (bygdenært)går ned. Tidlegare var satsen på kr 100 pr sau/geit, kr 500 pr ku og kr 300 pr hest/ungdyr. I 2018 er satsane førebels sett til kr 40 pr sau/geit, kr 200 pr ku og kr 120 pr hest/ungdyr. Maks utbetaling pr føretak er redusert frå kr 15 000 i 2017 til kr 7 500 i 2018.

Det blir innført eit nytt tilskot til stølsdrift i meir enn 6 veker. Sjå eiga sak

Det blir òg endringar i tilskot til bratt areal. Sjå eiga sak.

Alle satsane er førebelse og kan bli auka eller reduserte før utbetaling. Den totale søknadsmengda avgjer kor høge satsane blir. Alle endringane i RMP er gjort i samråd med Hordaland Bondelag og Hordaland Bonde- og Småbrukarlag.

Ta kontakt med kommunen om du har spørsmål om RMP. Søknaden kan leverast via Altinn. Nye søkjarar bør fylle ut søknaden på Altinn i god tid før søknadsfristen, slik at dei har tid til å be kommunen om hjelp dersom det er behov for det. Søknader som blir leverte etter søknadsfristen, får eit trekk på kr 1000 i tilskot pr verkedag levert for seint etter fristen.

Lenkjer til dokumenter og søknadsskjema.

Søknadsfrist:
15.10.2018 00:00:00
Målgruppe:
Føretak med landbruksdrift
Ansvarlig:
Åshild Hjørnevik Vatshelle
Hvem kan søke:
Føretak som har landbruksdrift i Hordaland og som fyller grunnvilkåra for produksjonstilskot i jordbruket. Føretaka må òg fylle vilkåra for dei ordningane som det søkjer på.
Rapporteringsfrist:
15.10.2018 00:00:00