Tilskotsordning til aktivitetstiltak for å motvirke einsamheit og passivitet

Helsedirektoratet har lyst ut tilskotsordninga til aktivitetstiltak for å motvirke einsamheit og passivitet. Søknadsfristen er 19. januar 2018.

Tilskotsordninga het tidlegare Aktivitet for seniorar og eldre.

Målgruppa for tilskotet er grupper som står i fare for å oppleve einsamheit, passivitet og sosial tilbaketrekking, fortrinnsvis seniorar og eldre. Les meir om tilskotsordninga på Helsedirektoratet si nettside.

Har du spørsmål til tilskotsordninga?

Kontaktperson for tilskotsordninga i Helsedirektoratet er Christina Hildonen. E-post: christina.hildonen@helsedir.no, telefon 24 16 39 52.

Søknadsfrist:
19.01.2018 00:00:00
Målgruppe:
Målgruppa er grupper som står i fare for å oppleve einsamheit, passivitet og sosial tilbaketrekking, fortrinnsvis seniorar og eldre.
Ansvarlig:
Helsedirektoratet