Tilskot til utvikling av sosiale tenester i Nav-kontoret
Arbeids- og velferdsdirektoratet har lyst ut sitt tilskot for 2018 til utvikling av sosiale tenester i Nav-kontora.
Lenkje til søknadsskjema og til meir informasjon finn de på www.nav.no, klikk her:
Tilskot til oppfølgingstenester i bustad og til arbeid mot barnefattigdom
Arbeids- og velferdsdirektoratet har også lyst ut sitt tilskot for 2018 til oppfølgingstenester i bustad og til arbeid mot barnefattigdom, med søknadsfrist 1. februar 2018. Det er berre dei tiltaka som allereie er inne i tilskotsordninga, og som ikkje har brukt opp tilskotsperioden, som kan søkje på desse to tilskotsordningane. Søknadsskjema og meir informasjon finn de på www.nav.no, sjå lenkja over.
Barne- ungdoms- og familiedirektoratet har utlyst midlar for 2018 frå Nasjonal tilskotsordning mot barnefattigdom. Søknadsfristen er fredag 8. desember. Utlysinga finn de på direktoratets nettsider: https://www.bufdir.no/Tilskudd/Aktuelt/Nasjonal_tilskuddsordning_mot_barnefattigdom___Utlysning_for_2018/