Tilskot til utsiktsrydding

Utsiktsrydding skal medverke til å fremje verdiar knytt til landbruket sitt kulturlandskap. Attgroing kan vere ei ulempe for både landbruket og reiselivet. Difor har Hordaland fått tildelt 3 millionar kroner i 2018 til å rydde både i landbruket sitt kulturlandskap og i område som gjev utsikt til dette.

Tilskot

Landbruks- og matdepartementet lanserte våren 2016 ei ny tilskotsordning, der grunneigarar og andre kan søkje om tilskot til utsiktsrydding. Forskrift om tilskot til utsiktsrydding i landbruket sitt kulturlandskap vart fastsett våren 2016 og i 2018 er det sett av 3 millionar til dette føremålet i Hordaland. I Hordaland finn vi mange vegstrekningar og utsiktspunkt med trong for utsiktsrydding. Særleg i Indre Hardanger, med dei karakteristiske frukthagane, der vegen går langs fjorden, vil tiltak vere av stor verdi. Også langs dei smale vegane i Nordhordland, på Voss og i Sunnhordland trengst eit ryddingsløft ved utsiktspunkt og raste- og møteplassar. Fylkesmannen oppmodar kommunane til å spreie informasjon om tilskotsordninga og bidra lokalt til at arbeidet kjem i gong.

Vilkår for tilskot

Områda som skal ryddast må vere av verdfull karakter for landbruket og reiselivet. Rydding av skog og vegetasjon skal gje auka utsikt frå ferdselsårer, vegkantar og vegnære utsiktspunkt. Virket skal om mogleg nyttast til bioenergiføremål. Søkjar av tilskot kan anten vere ein privat eller offentleg aktør, og registrert som føretak i Einingsregisteret. Fristen er normalt 2 år for utført arbeid. Om området er eigna til beiting, skal det beitast i minst 3 påfølgjande år. Tilskot vert ikkje gjeve til gjerding eller beiting som følgjer etter utført rydding.

Søknadsprosess 2018

Søknad om tilskot skal sendast til kommunen der tiltaket skal utførast. Kommunen skal gje uttale til tiltaket og Fylkesmannen fattar vedtak om tilskot. Søknaden må skildre tiltaket med kostnadsoverslag, kart og fotodokumentasjon. Vidare må det vere ein 3 års plan for vedlikehald av arealet. Retningsliner og søknadsskjema er utarbeida og ligg her på høgre side. I alle prosjekt vert det viktig å finne dei gode samarbeidspartnarane og å prioritere dei viktigaste ryddepunkta etter skogfaglege og trafikktryggjande synspunkt. For 2018 får tilskotsordninga to søknadsfristar: 1. mars og 1. september.

Utbetaling av tilskot

Fylkesmannen kan godkjenne inntil 70 % tilskot av kostnadane. Utbetaling kan skje undervegs i arbeidet og etter fullført tiltak.

Søknadsfrist:
01.03.2018 00:00:00
Målgruppe:
Registrerte landbruksføretak, kommunar, reiselivsføretak
Ansvarlig:
Fylkesmannen i Hordaland
Hvem kan søke:
Søkjer av tilskot kan anten vere ein privat eller offentleg aktør, og registrert som føretak i Einingsregisteret.

Kontaktpersoner