Tilskot til å rydde marin forsøpling

No kan du søke om støtte til å rydde marin forsøpling. Det er sett av 80 millionar kroner til ordninga i 2018. Frist for å søke er 15. februar 2018.

Strandrydding Ånuglo, Tysnes. Foto: Fylkesmannen i Hordaland

Kva kan ein søke om støtte til?

Det kans søkjast om støtte til opprydding både i strandsona, langs elvebreidder og på havbotn.

Koordinering av ryddeaksjonar, transport og innlevering av avfallet til godkjent mottak, inkludert fjerning av eigerlause fritidsbåtar er omfatta av ordninga.

Prosjekt som har en førebyggjande effekt, kan også få støtte. Det gjeld til dømes informasjons- og rettleiingsmateriell, haldningskampanjar, undervisningsopplegg og workshops.

Vidareføringa av Fishing For Litter er også del av ordninga.

Kor skal søknaden sendast?

Søknad om tilskot skal sendast til Miljødirektoratet via Elektronisk søknadssenter. Fylkesmannen vil gje råd til Miljødirektoratet om kva prosjekt som skal prioriterast i Hordaland.

Meir informasjon

Les meir om støtteordninga på Miljødirektoratet.no

Søknadsfrist:
15.02.2018 23:00:00
Målgruppe:
Frivillige organisasjonar, foreningar, ideelle stiftelsar, private verksemder og offentlege føretak
Ansvarlig:
Miljødirektoratet, Fylkesmannen

Kontaktpersoner