Tilskot til psykologar i dei kommunale helse- og omsorgstenestene for 2018

Ordninga skal bidra til at alle kommunar har rekruttert psykolog ved innføring av lovkrav om psykologkompetanse i 2020. Målet er å styrke kvalitet og kompetanse i det heilskaplege og tverrfaglege kommunale arbeidet innan psykisk helse og rus, vald- og traumefeltet.

Tilskotsbeløpet er satt til 400 000 kroner per 100 prosent psykologstilling. Kommunar som ikkje tidlegare har fått tilskot til foremålet blir prioritert.

Kommunar som søkjer om å nytte psykologen i rusarbeid, vert og høgt prioritert. 

Søknadsfrist er 1. februar 2018. Nytt i år er at vi ønskjer at kommunar som søkjer tilskotet, nyttar elektronisk søknadsskjema som de finn her: søknadsskjema. Det skal fyllast ut eit søknadsskjema for kvar psykologstilling som det vert søkt om tilskot til.

Tilskotet skal styrke tilbodet til:

  • menneske i alle aldersgrupper med risiko for å utvikle, eller som har utvikla, problem knytt til psykisk helse, rusmiddelbruk og/eller vald og traume
  • barn og unge som har vore utsette for vald og overgrep/traume og/eller som treng oppfølging for å gjennomføre skule og opplæring.

Regelverk og rettleiing til regelverket finn du under fana "Dokument". Meir om tilskotsordninga finn du på Helsedirektoratet si nettside.

Viktig informasjon til kommunar som fekk tilskot i 2017:

  • Frist for rapportering for tilskot motteke i 2017 er 1. februar 2018.
  • Økonomirapportering for 2017 skal gjennomførast i eigenerklæringsskjema, sjå dokument under fana "Dokument". Skjermaet erstattar levering av rekneskap og revisorattest, og sendast til fmhopostmottak@fylkesmannen.no, merka med saksnummer 2016/14869.
  • Rapportering for 2017 skal gjennomførast i Questback. Kontaktperson i kommunen får denne tilsendt på e-post frå Helsedirektoratet i midten av januar.
Søknadsfrist:
01.02.2018 23:59:00
Målgruppe:
Menneske i alle aldersgrupper med risiko for å utvikle, eller som har utvikla, problem knytt til psykisk helse, rusmiddelbruk og/eller vald og traume. Barn og unge som har vore utsette for vald og overgrep/traume og/eller som treng oppfølging for å gjennomføre skule og opplæring.
Ansvarlig:
Fylkesmannen og Helsedirektoratet
Hvem kan søke:
Kommunar
Rapporteringsfrist:
01.02.2019 23:59:00

Kontaktpersoner