Tilskot til leirskuleopphald, hausten 2017

For seint innkomne refusjonskrav i hausthalvåret kan ein ikkje rekne med å få dekka.

Tilskot til leirskoleopplæring for budsjettåret 2017 vert gitt etter opplæringslova § 2-3 første ledd, og reviderte rettingsliner frå Utdanningsdirektoratet 1.1.2012. Se lenke i høgremenyen. 

Tilskot til leirskoleopplæring vert utbetalt på etterskot to gonger i året til heimekommunen for dei gruppene som har vore på leirskole. Det vert gitt maksimalt tilskot for inntil 27,5 klokketimar pr. gruppe elevar som reiser samla på leirskoleopphald og har minst 3 overnattingar.

Det maksimale elevtalet pr. skoleår det blir gjeve tilskot for er avgrensa til 1/10 av det samla elevtalet i kommunen (GSI tal). Etter avtale med Fylkesmannen ved Utdanningsavdelinga kan kommunane med fådelte skular enkelte år fråvike denne regelen. Føresetnaden er at det vert gjeve tilskot for tilsvarande færre elevar for året etter, og at tildelinga vert halden innanfor den ramma Fylkesmannen er tildelt i budsjettåret.

Ei gruppe består av 16 til 22 elevar. Dersom ein kommune/skule har totalt 23 elevar som skal på same leirskuleopphald, kan elevane delast i to grupper. Har ein kommune/skole færre enn 16 elevar som skal på same leirskuleopphald skal det gjevast tilskot for ei gruppe. Eksempel på dette er fådelte skular eller oppsamling av elever frå fleire skular på same trinn i same kommune.

Satsen for tilskot i 2017 er kr. 585,- pr. time (60.min).

Leirskuleopphald må dokumenterast. Dette gjer ein ved å leggje ved stadfesting frå leirskolen, kopi av faktura og elevteljingsskjema som viser gjennomført leirskuleopphald.

Vi ber om at refusjonskrav for våren 2017, elevtellingsskjema og prognoseskjema for hausten 2017 vert sende til fmhopostmottak@fylkesmannen.no.

Søknadsfrist:
15.11.2017 00:00:00
Målgruppe:
Målet med tilskotsordninga er å stimulere kommunane til å gje alle elever eit leirskuleopphald i løpet av grunnskolen
Ansvarlig:
Utdanningsavdelinga
Hvem kan søke:
Kommunane

Kontaktpersoner