Tilskot til kompetansetiltak knytt til einslege mindreårige flyktningar

Kommunar som ønskjer å auke kompetansen til å ivareta einslege mindreårige flyktningar sin psykososiale helse kan søkje Fylkesmannen om tilskot for 2017.

Fylkesmannen lyser med dette ut midlar til kompetansetiltak for ivaretaking av einslege mindreårige flyktningar sin psykososiale helse. Fylkesmannen har rundt 100 000 kronar til overs frå ei løyving frå Utdanningsdirektoratet.

Vilkår for tilskot

Midlane kan brukast på kurs, seminar og liknande, inkludert reise – og buutgifter knytt til kompetanseaukinga.

Søknad om tilskot

Kommunale tenester vert oppmoda om å samarbeide internt og å sende felles søknad til Fylkesmannen. 

Søknad om tilskot sendast til Fylkesmannen i Hordaland, på e-post: fmhopostmottak@fylkesmannen.no. Søknaden må merkast med "Prosjektnummer 62504"  

Søknaden må innehalde :

  • søknadssum
  • aktuelt kurs/seminar, tema og relevans og eventuell utgift
  • eventuelle reise- og opphaldsutgifter
  • kommunen sitt organisasjonsnummer, kontonummer, adresse og  referansenummer for tildeling av tilskot
  • kontaktperson (namn, telefonnummer, e-postadresse)

Behandling av søknader

Fylkesmannen behandlar dei inkomne søknadane etter at søknadsfristen er løpt ut. Midlane blir utbetalt etter at Fylkesmannen har behandla alle søknadene.

Rapportering

Tilskotsmottakarane skal rapportere til Fylkesmannen om bruk av midlane. Rapporten skal innehalde informasjon om korleis kurset/seminaret auka kommunens kompetanse til ivaretaking av einslege mindreårige flyktningar sin psykososiale helse.  

Tilskotet skal i utgangspunktet nyttast i 2017. Dersom ikkje tilskotet vert nytta i 2017, kan kommunane søkje om å få det overført til bruk i 2018. Dette kan gjerast allereie i søknaden. Kommunen må rapportere når tiltaket er gjennomført, seinast innan 12. desember 2018. Vi treng ikkje revisorattestert rekneskap for tilskot under 100 000 kroner.

Søknadsfrist:
01.11.2017 23:59:00
Målgruppe:
Tilsette som arbeidar med einslege mindreårige flyktningar
Ansvarlig:
Utdanningsavdelinga og Helse- og sosialavdelinga
Hvem kan søke:
Kommunar med einslege mindreårige flyktningar
Rapporteringsfrist:
12.12.2018 00:00:00

Kontaktpersoner