Tilskot til helsestasjons- og skulehelsetenesta

Helsedirektoratet har lyst ut om lag 278 millionar kroner til styrking og  vidareutvikling av helsestasjons- og skulehelsetenesta. Søknadsfristen er 8. desember.

Helsestasjons- og skulehelsetenesta omfattar svangerskaps- og barselomsorg, helsestasjon 0-5 år, skulehelseteneste i grunn- og vidaregåande skule og helsestasjon for ungdom.

Styrking inneber betre kapasitet og tilgjenge, også innføring av digitale løysningar som gjer tenestene meir tilgjengelege og attraktive for målgruppa.

Utvikling inneber betre kvalitet, kompetanse og tverrfaglegheit i tråd med nasjonale faglege retningsliner.

Helsedirektoratet tilrår at de les nøye gjennom regelverket for tilskotsordninga.  

Fylkesmannen oppmodar kommunane til å søkje. Kartlegginga av årsverk i helsestasjons- og skulehelsetenesta i 2016 tilseier at mange av kommunane har liten kapasitet i desse tenestene.