Kommunalt kompetanse- og innovasjonstilskot 2018

Kommunalt kompetanse- og innovasjonstilskot er midlar som skal bidra til at kommunane set i verk kompetansehevande tiltak og innovasjon– og utviklingsarbeid ut frå lokale føresetnadar og behov.

Målet for ordninga

Målet er å styrke kommunane sine evner og mogelegheiter til å utvikle berekraftige og gode helse- og omsorgstenester, og gje tydeleg prioritet til nokre av dei viktigaste framtidsutfordringane ut frå lokal føresetnad og behov.

Primærmålgruppe

Leiarar, tilsette og personar som jobbar i helse- og omsorgstenesta, inklusiv psykisk helse og rustenesta. For kompetansetiltak innan psykisk helse og rusfeltet kan tilsette også i andre kommunale etatar vere målgruppe (f.eks. NAV, barnevernsteneste, barnehage og skular).

Sekundærgruppe

Brukarar av kommunale helse- og omsorgstenestar, inklusive psykisk helse- og rustenesta og  deira pårørande.

Tildelingskriterier

Skjønsmessig vurdering med utgangspunkt i forventa måloppnåiing.

Sjå meir om ordninga på Helsedirektoratet si nettside.

Søknad skal sendast til: fmhopostmottak@fylkesmannen.no innan 23. mars 2018

Søknadsfrist:
23.03.2018 23:00:00
Målgruppe:
Tilsette i helse- og omsorgstenestene, og brukarar av kommunale helse og omsorgstenester.
Ansvarlig:
Fylkesmannen i Hordaland
Hvem kan søke:
Kommunar og fylkeskommunen. Kommunar kan gjerne søkje i samarbeid med andre kommunar, helseføretak, næringsliv, frivillig sektor eller andre aktørar.

Kontaktpersoner