Om oss

Fylkesmannen er statens representant i fylket og har ansvar for å følgje opp vedtak, mål og retningslinjer frå Stortinget og regjeringa. Fylkesmannen er dessutan eit viktig bindeledd mellom kommunal og sentral mynde, med høve til å spele inn viktige saker frå kommunesektoren til sentrale styresmakter.

Fylkesmannen skal dessutan sørgje for rettstryggleiken for enkeltinnbyggjarar, verksemder og organisasjonar ved å sjå til at grunnleggjande prinsipp som likebehandling, likeverd, føreseielegheit, handlefridom, habilitet og rettferd blir sikra i forvaltninga.  

Fylkesmenn i Hordaland

2010 -          Lars Sponheim
1998 - 2010 Svein Alsaker
1984 - 1998 Håkon O. Randal
1966 - 1984 Lars Leiro
1949 - 1966 Mons Lid
1934 - 1949 Gjert Lindebrække
1929 - 1933 Ernst Andreas Johannesen
1918 - 1929 Kristian Friis Petersen
1898 - 1918 Hroar Olsen
1878 - 1897 Claus Nieuwejaar Worsøe
1869 - 1877 Niels Mathias Rye
1860 - 1869 Hans Thomas Meinich
1850 - 1860 Nils Vogt
1834 - 1850 Jens Schydtz
1831 - 1834 Edvard Hagerup
1829 - 1831 Georg Jacob Bull
1825 - 1827 Christian Magnus Falsen
1815 - 1825 Wilhelm F. K. Christie

Fylkesmann Lars Sponheim

Fylkesmann Lars Sponheim er fødd i Halden 23. mai 1957. Han har vore ordførar i Ulvik, storingsrepresentant og partileiar for Venstre og statsråd i to regjeringar. Han var nærings- og handelsminister frå 1997 til 2000 og landbruksminister frå 2001 til 2005.

Abonner på nyhende

Vi legg ut nyhende på nettsida i staden for å sende pressemelding. Klikk her for å få nyhendevarsel: Abonner på nyhende frå Fylkesmannen