Dårleg vasskvalitet i fleire vassdrag

Fleire elvar og innsjøar i Hordaland har dårleg vasskvalitet. Etter Vassforskrifta skal ein gjere tiltak for å betre tilstanden. I denne samanheng er rundt 80 lokalitetar i Hordaland undersøkt i 2017 og 2018.

Bilde frå Ekso i Vaksdal . Foto Sveinung Klyve

Bilde frå Ekso i Vaksdal . Foto Sveinung Klyve

Undersøkingane i 2017 og 2018 er gjort i elvar og innsjøar der ein meiner at den dårlege vasskvaliteten skuldast avrenning frå landbruk og frå spreidde avlaup frå hushaldningar.

Elveundersøkinga hausten 2017 viste at 54 av 55 undersøkte lokalitetar hadde for dårleg vasskvalitet. I 2018 er 26 innsjøar undersøkt. Rapport frå denne undersøkinga vil bli publisert våren 2019.

Etter kvart som tiltak vert sett i verk for å betre tilstanden, vil desse undersøkingane verte gjentatt for å sjå til at tiltaka får den ønskte verknad.

Undersøkingane er utført på oppdrag frå Fylkesmannen i Hordaland etter anbudskonkurranse. Elveundersøkinga i 2017 er gjort av Rådgivende Biologer AS, medan Norconsult AS fekk oppdraget med innsjøundersøkinga i 2018.

Om Vassforskrifta

Vassforskrifta gjennomfører EU sitt vassdirektiv i norsk rett. Føremålet med arbeidet etter Vassforskrifta er å sjå til at elvar, innsjøar, grunnvatn og sjøvatn har god vasskvalitet. Etter forskrifta skal ein sette i verk tiltak der tilstanden ikkje er god nok.

I Hordaland er det Hordaland fylkeskommune som koordinerer dette arbeidet. Fylkesmannen i Hordaland har likevel ansvaret for delar av arbeidet, mellom anna å koordinere overvakinga i vassforekomstar der ein må gjere tiltak. Fylkesmannen er også ansvarleg for å oppdatere kunnskapsgrunnlaget i databasen Vann-Nett (fungerer best i nettlesaren Chrome).

De kan lese meir om arbeidet med Vassforskrifta i Vannportalen.