Godt grunnlag for vidare arbeid med flaumsikring i Opo

Opo i Odda
Opo i Odda (Foto: Gry Walle / Fylkesmannen i Hordaland)

Fylkesmannen uttaler at forprosjekt om flaumluke i Sandvinvatnet gir grunnlag for vidare planlegging av sikringstiltak i Opo. Lukealternativet er mindre konfliktfylt for vassdragsnaturen enn bygging av kraftverk.

Fylkesmannen har gitt uttale til forprosjekt om flaumluke i Sandvinvatnet. Lukealternativet er etter vår oppfatning langt mindre konfliktfylt for vassdragsnaturen enn bygging av eit flaumkraftverk, særleg for landskap, naturmangfald, anadrom fisk, friluftsliv og reiseliv. Ein bør difor arbeide vidare med planlegging av aktuelle tiltak for å sikre områda kring Sandvinvatnet og Opo ved framtidige flaumar. 

Du kan lese Fylkesmannen sin uttale til bygging av flaumkraftverk i Opo og Fylkesmannen sin uttale til forprosjekt om flaumluke i Sandvinvatnet frå menyen til høgre. 

Alle dokument i saka ligg på NVE si nettside.