No er det enklare å søke om løyve til avfallsanlegg

Vi har laga nytt søknadsskjema for avfallsanlegg, så no er det enklare å søke om nytt eller endra løyve. Alle søknadar om drift av slike anlegg må bruke skjemaet. Les heile saka for meir informasjon.

Nytt søknadsskjema for løyve til drift av avfallsanlegg

Nytt søknadsskjema for løyve til drift av avfallsanlegg

Alle som søkjer om nytt eller endra løyve etter forureiningslova for drift av avfallsanlegg må no bruke vårt nye søknadsskjema. Søknadsskjemaet finn du her. Det ligg også i menyen til høgre på denne sida.

Skjemaet kan nyttast til søknad om til dømes

  • anlegg for sortering, omlasting og lagring av ordinært og farleg avfall
  • kompostering av organisk avfall
  • mottak og behandling av kasserte køyretøy og fritidsbåtar
  • mottak og sortering av EE-avfall
  • mottak, lagring og behandling av forureina massar

Drift av deponi og forbrenningsanlegg er regulert i avfallsforskrifta. Skal du søkje om drift av denne type anlegg, sjå Miljødirektoratet sine heimesider. Ta eventuelt kontakt med Fylkesmannen.                                                                                                                              

Vedlegg til søknadsskjemaet

Uansett kva type avfallsanlegg du søkjer om, så må «Vedlegg til søknadsskjema for avfallsanlegg» fyllast ut og leggjast ved søknaden. Vedlegget finn du her, og i menyen til høgre for denne nettsaka.

I tillegg må nokre andre vedlegg leggjast ved. Fullstendig vedleggsoversikt står i søknadsskjemaet.

Søknaden må vere fullstendig før den blir behandla.

Sakshandsaming

Søknaden må i dei fleste tilfelle på offentleg høyring, jf. forureiningsforskrifta kapittel 36. Vanleg høyringsfrist er minimum 4 veker. Fylkesmannen legg søknaden ut på offentleg høyring, på våre nettsider og i minst ei avis, og ber om uttale frå kommunen. Søkjar betalar for kunngjeringa i avisa. 

Vanleg tid for sakshandsaming er 6-9 månader frå fullstendig søknad er mottatt.

Gebyr

Fylkesmannen tek gebyr for arbeidet med løyve i samsvar med forureiningsforskrifta kapittel 39 om gebyr til staten for arbeid med løyve og kontroll etter forureiningslova.

Innsending av søknaden

Søknaden skal sendast til Fylkesmannen på e-post til fmhopostmottak@fylkesmannen.no, eller til Fylkesmannen i Hordaland, postboks 7310, 5020 Bergen.

Spørsmål

Spørsmål i samband med søknad om nytt eller endra løyve til avfallsanlegg kan rettast til dei som jobbar med avfall hos Fylkesmannen i Hordaland. Sjå kontaktpersonar til høgre for denne nettsaka.