Foredling av fisk og kjøt utan forureining?

Fylkesmannen skal i haust føre tilsyn med slakteri og verksemder som foredlar fisk og kjøt. Vi skal sjekke om bransjen tar ansvar for å hindre forureining.

Reinseanlegg ved fiskeforedlingsanlegg. Foto Fylkesmannen i Hordaland

Reinseanlegg ved fiskeforedlingsanlegg. Foto Fylkesmannen i Hordaland

Utslepp av organisk stoff, næringssalt, vaskevatn og desinfeksjonsmiddel er dei største kjeldene til forureining. Utslepp av feitt kan gje problem med lukt og tilgrising. Mellomlagring av biprodukt kan også føre til plager med lukt.

Aksjonen er ei oppfølging av tilsynsaksjonen for fiskeforedling i 2012 og næringsmiddel i 2011. Aksjonen er landsdekkande og skal gjennomførast i oktober og november. I Hordaland tar vi sikte på å gjennomføre tilsyn ved 13 verksemder.

Tema for tilsyna:

  • kontroll med utslepp frå reinseanlegg - måleprogram og utsleppskontroll
  • styring av reinseanlegg
  • lukt
  • handtering av avfall og biprodukt
  • handtering av kjemikal
  • plastforureining
  • internkontroll med vekt på mål, miljørisikovurderingar og avviksystem
  • krav i forureiningsforskrifta kapittel 26 eller utsleppsløyve

Målet med aksjonen

  • auke merksemda i bransjane for eigne utslepp og handtering av avfall
  • kontrollere om verksemdene kan dokumentere god drift av anlegga
  • kontrollere at krav i lover, forskrifter og utsleppsløyve vert halde
  • vurdere om det er naudsynt å oppdatere løyve til drift 
  • vurdere om det er naudsynt med vidare oppfølging av bransjen

I Hordaland er det 14 fiskeforedlingsanlegg. Av desse anlegga har åtte utsleppsløyve frå Fylkesmannen.  Desse er også omfatta av industriutsleppsdirektivet (IED, direktiv 2010/75/EU). Dei andre vert regulert ved forskrift.

Vi har sju større verksemder i fylke som driv med foredling av kjøt. Tre av desse har løyve frå Fylkesmannen.