Statsforvalteren fikk nytt og kjønnsnøytralt navn 1. januar 2021. Det gamle navnet vårt var Fylkesmannen.

Dette innholdet er skrevet før 2019 da antall fylkesmannsembeter gikk fra 16 til 10. Informasjonen kan være utdatert.

Regionalt miljøprogram Hordaland 2013-16


Som del av arbeidet med utforming av nytt regionalt bygdeutviklingsprogram, er RMP for Hordaland revidert og spissa i høve regionale tilhøve og miljøutfordringar, politiske ønske og utviklingsutfordringane ein ser føre seg vidare framover.

Denne saken er skrevet før 1.1. 2021 da Fylkesmannen endret navn til Statsforvalteren.

Publisert 18.02.2013 av Administrator

Fylkesmannen si landbruksavdeling har revidert regionalt miljøprogram (RMP) for perioden 2013 til 2016. Oppdraget var forankra i jordbruksoppgjeret 2012. Det regionale miljøprogrammet er eitt av tre program som utgjer det regionale bygdeutviklingsprogrammet for Hordaland. Det regionale miljøprogrammet er forankra i Stortingsmelding nr. 9 (2011–2012) Landbruks og matpolitikken Velkommen til bords og i Nasjonalt miljøprogram 2013–2016.

Den overordna målsettinga med det regionale miljøprogrammet er å medverke til auka målretting av miljøarbeidet i jordbruket og til betre synleggjering av landbruket sin samla miljøinnsats. Programmet skal også medverke til betre forankring av miljøarbeidet på fylkeskommunalt og kommunalt nivå.

Miljøutfordringane i jordbruket i Hordaland er knytt nært opp til strukturendringane i næringa. Frå førre programperiode har det mellom anna vore ein nedgang i talet på sau på heile 15 %, og i talet geit på 32 %. Heile 168 bruk er lagt ned i 2011 og –12. Den reduserte aktiviteten i landbruket fører til endring i bruken av arealet. Det beste arealet vert drive vidare, medan kantar og vanskelege teigar går ut av drift. Eng blir tatt til beite, mens beiteareal i inn- og utmark går ut av drift. Særleg gjeld dette i bygder der grovfôrbasert husdyrhald er sterkt redusert. Dette vil på sikt få negativ innverknad på busetnadsstruktur og næringsverksemd i fylket, og få negative konsekvensar for dei natur- og kulturhistoriske verdiane i jordbruket sitt kulturlandskap.

Helsestilstanden i våre vassdrag er gode fordi vi ikkje dyrkar korn eller andre vekstar som har open åker som ein del av produksjonssyklusen. Utslipp av lystgass er likevel ei utfordring knytt til husdyrhald og handtering av husdyrgjødsel.

På bakgrunn av analysar av miljøutfordringane i jordbruket, er det utarbeidd eit regionalt miljøprogram som har som mål å styrke regionen sin eigenart, og fremje og utvikle dei natur- og kulturhistoriske verdiane i kulturlandskapet. Vidare skal programmet være med å sikre og utvikle særprega landskapstypar, verdifulle kulturmarkstyper, kulturmiljø og prioriterte biotopar. Gjennom programmet skal også utslipp til luft og vatn prioriterast og forbetrast.

Det må leggjast til rette for at den tradisjonelle, landbruksbaserte matproduksjonen i Hordaland vert teken vare på, som grunnlag for næring, skjøtsel av landskap og styring av attgroinga. Strategiane elles andsynes attgroing vil vere å rette verkemidlane inn mot skjøtsel av kulturlandskap med prioriterte kvalitetar og stimulere til utvikling av kultur for samarbeid og nye driftsmessige løysingar på tvers av eigedomsgrensar. I Hordaland er det naturleg å prioritere stølslandskapet, kystlyngheiane, dei brattlendte bruka, utmarksressursane og Landskapsparkane, som er ein lokalvariant av regionalparkar, primært knytt til kulturlandskap og reiseliv.

Følgjande strategiar er vedtatt for perioden:

  1. Samarbeid om beite og beitebruk
  2. Sikre eit utval av kulturlandskap, biotopar, kulturmarkstypar og kulturmiljø
  3. Kulturlandskap og næringsutvikling
  4. Gjere kulturlandskap tilgjengeleg
  5. Klima og forureinig
  6. Økologisk landbruk
  7. Kompetanseheving
  8. Tilskotsordningar

For perioden 2013-2016 er det tatt i bruk eit felles nasjonalt menysystem for tilskotsordningane. Det inneber at vi kan utforme tilskotsordningar innanfor ein førehandsdefinert meny. Desse menyane for tiltaka er igjen knytt opp mot eit nytt søknads- og sakshandsamingssystem som er under utvikling og som skal vere klart for søknadsomgangen august 2013.