Viktig endring i erstatningsordninga for avlingssvikt grovfôr!

Det er nyleg gjort endringar når det gjeld denne ordninga. Frå og med 2017 blir det no mogleg å korrigere normen for fôreiningar per kg, ved dokumentert låge fôrverdiar og lågt tørrstoffinnhold. Søknadsfristen 31. oktober gjeld framleis.

Landbruksdirektoratet har registrert at det i 2017 er hausta mykje grovfôr med låg fôrverdi og lågt tørrstoffinnhald. Erstatninga skal bli utmålt ut frå tapte fôreningar. Grovfôret sin fôrverdi er avgjerande for mengd fôr som må til for å dekke dyra sitt fôrbehov. 

Landbruksdirektoratet har med bakgrunn i dette konkludert med at det frå og med 2017 skal vere mogleg å korrigere normen for fôreiningar per kg, ved dokumentert låge fôrverdiar og lågt tørrstoffinnhold. Jmf også tidlegare rundskriv 2015-39.

Kriteriar for korrigering

«Standard fôrverdier jf. § 15 i det oppmålte lageret kan fravikes dersom foretaket kan legge frem dokumenterte fôranalyser som viser at det aktuelle fôrmiddelet har vesentlig lavere fôrverdier enn normene. Søkers dokumenterte fôrverdier kan benyttes i erstatningsberegningen når fôranalysen avviker mer enn 30 % fra fôrnormen i § 15 i sats- og beregningsforskriften.»

Utdrag av fôrnormene er følgjande (kg fôr per Fem):

Grassurfôr i silo:              5,2

Grassurfôr i rundballar:   4,7

Høyensilasje:                   2,0

 

For at korrigering skal vere aktuelt, må fôret vere meir enn 30 % dårlegare enn fôrnormen.

Fôret må dermed ha dårlegare kvalitet (fleire kg per Fem) enn følgjande:

Grassurfôr i silo                              6,76 kg fôr per FEm

Grassurfôr i rundballar                  6,11 kg fôr per FEm

Høyensilasje                                  2,60 kg fôr per FEm

 

Representative fôranalyser

  • Fylkesmannen i Hordaland vurderer at éi analyse per slått er absolutt minimum. I nokre høve kan det vere behov for meir.
  • Bak kvar prøve som blir sendt til analyse må det vere stikk frå minimum 3-5 rundballar. Det bør vere stikk frå enda fleire rundballar dersom prøva skal representere avling frå ulike teigar og slåttetidspunkt.
  • Dersom slåtten har gått føre seg over tid, kan ein anten ta analyser frå eit parti «midt i», som kan gi representativt bilete av kvaliteten, eller ein kan ta éi prøve frå tidleg slått og éi frå sein slått.
  • Ved uttak av prøve frå tårnsilo: Landbruksrådgivinga har bor til å komme langt ned i siloen. Det kan elles vere aktuelt å ta ei prøve no av øvste laget (til dømes andreslåtten), og ta ei ny prøve av djuparea lag ( til dømes førsteslåtten) når ein har fôra så langt ned i siloen.
  • Spør gjerne Landbruksrådgivinga, Tine, analyselaboratoriet eller andre om korleis prøve skal bli teke ut for å vere representativ.
  • Det må følgje med omtale av dei ulike partia med lagra surfôr og korleis prøva er teke ut for å vere representativ.
  • Det blir ikkje korrigert for innsendt analyse dersom Fylkesmannen vurderer at prøva ikkje er representativ.

 

Ettersending av fôranalyser

Ettersom denne avklaringa kjem seint, blir det høve til å sende fôranalysar etter søknadsfristen 31. oktober. Søkjar må i søknaden gi beskjed om at fôranalyser vil bli ettersendt, slik at behandling av desse sakene ikke startar opp før dokumentasjonen er motteken.

Hugs endeleg søknadsfrist 31. oktober!

Vi viser elles til nettsida  vår om regelverk:

https://www.fylkesmannen.no/nb/Hordaland/Landbruk-og-mat/Jordbruk/Hugs-soknadsfrist-for-avlingssvikt/

 

 

Kontaktpersoner