Økonomisk samarbeidsforum 17. oktober 2018

Dato:
17. oktober 09:00 - 15:00
Sted:
Scandic Ørnen, Lars Hilles gate 18, 5008 Bergen
Ansvarlig:
Fylkesmannen
Målgruppe:
Nav-tilsette som har økonomisk rådgjeving og gjeldsrådgjeving som si hovudoppgåve.
Påmeldingsfrist:
27.09.2018 23:59:00

Tema for samlinga er frivillig forvaltning, tvungen forvaltning og verjemål. Vi gjer merksam på at samlinga varer til kl. 15.00.  

På samlinga set vi fokus på brukarar som ligg i skjeringspunkta mellom frivillig forvaltning, tvungen forvaltning og verjemål.

Vi får innlegg frå Abeids- og velferdsdirektoratet, Nav arbeid og ytelser Tønsberg og verjemålsseksjonen hos Fylkesmannen i Hordaland.

Program for samlinga finn du under fana "Dokument".

Om du har problemstillingar eller spørsmål til innleiarane, oppmodar vi om at desse vert sendt til Inger-Helene Søgnen på e-post innan påmeldingsfristen.

Praktisk informasjon og påmelding

Samlinga er gratis, og deltakarane får servert lunsj. Om du har matallergiar, eller det er annan informasjon som er naudsynt for arrangør å vite om, opplyser du om dette i merknadsfeltet i påmeldinga.

Vi ber dei som melder seg på merke seg at samlinga denne gongen finn stad på Scandic Ørnen og varer til kl. 15.00. Påmeldingsfristen er flytta til 27. september 2018 kl. 23:59.

Det er avgrensa tal plassar og Fylkesmannen tek difor atterhald om å kunne prioritere mellom dei påmeldte, slik at flest mogeleg kommunar vert representerte. Personar som ikkje er tilsette i Nav-kontor/sosialtenesta kan ikkje rekne med å få plass på samlinga. Endeleg stadfesting om tildeling av plass på samlinga sendast ut etter at påmeldingsfristen er utløpt.

Er du Nav-tilsett frå Sogn og Fjordane?

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane bestiller og dekkjer kostnad med hotellovernatting 16-17. oktober for Nav-tilsette frå Sogn og Fjordane som treng det grunna lang reiseveg. Dei som har behov for overnatting må melde frå om dette til Elisabeth Lund-Iversen på e-post: fmsfeli@fylkesmannen.no innan påmeldingsfristen. Reiseutgifter dekkast av arbeidsgjevar.

Dato:
17. oktober 09:00 - 15:00
Sted:
Scandic Ørnen, Lars Hilles gate 18, 5008 Bergen
Ansvarlig:
Fylkesmannen
Målgruppe:
Nav-tilsette som har økonomisk rådgjeving og gjeldsrådgjeving som si hovudoppgåve.
Påmeldingsfrist:
27.09.2018 23:59:00

Kontaktpersoner

Dokumenter