Fagsamling samfunnstryggleik og beredskap

Dato:
18. oktober 10:00 - 19. oktober 14:00
Sted:
Park Hotel Vossevangen
Ansvarlig:
Fylkesmannen i Hordaland
Målgruppe:
Beredskapskontaktar i kommunane, kommunal leiing og sektorleiarar, andre som jobbar med samfunnstryggleiks- og beredskapsoppgåver i fylket

Fylkesmannen i Hordaland inviterer til fagsamling for samfunnstryggleik og beredskap, på Park Hotel Vossevangen 18. og 19. oktober 2018.

Frist for påmelding var 14. september. Ved spørsmål ta kontakt med Anne C. F. Eide -
e-post: fmhoacf@fylkesmannen.no.

 

Tema for samlinga vil mellom anna vere heilskapleg arbeid med samfunnstryggleik og beredskap i kommunen, tilsyn og øving, kraftrasjonering og proaktiv metode for kriseleiing. Sjå førebels program som ligg ved.

Samlinga er primært retta mot beredskapskontaktar i kommunane, men den vil òg vere aktuell for kommunal leiing, sektorleiarar, beredskapstilsette i privat og offentlege verksemder, frivillige organisasjonar og andre som arbeider med samfunnstryggleiks- og beredskapsrelaterte oppgåver i fylket.

 

Frist for påmelding: fredag 14. september 2018

 

Prisar:

(NB! Det er gjort ei justering av pris for deltaking første dag, då det er lagt til ei ekstra pauseservering - tilsvarande kr. 30)

Deltaking begge dagar, felles middag og overnatting i enkeltrom: kr 2 030

Dagpakke, per dag: kr 505

Middag: kr 475

 

Hotellet sender faktura, det kjem eit gebyr på kr 100 i tillegg til prisane over.

 

Påmeldingsinformasjon/personopplysningar blir kun delt med hotellet i samband med gjennomføringa av arrangementet.

Dato:
18. oktober 10:00 - 19. oktober 14:00
Sted:
Park Hotel Vossevangen
Ansvarlig:
Fylkesmannen i Hordaland
Målgruppe:
Beredskapskontaktar i kommunane, kommunal leiing og sektorleiarar, andre som jobbar med samfunnstryggleiks- og beredskapsoppgåver i fylket