Oppstart av frivillig skogvern på Alsåker i Ullensvang


Høringsfrist 05. februar 2018 23:00

Etter ønskje frå grunneigar og Vestskog SA, melder vi med dette offisiell start av arbeid med frivillig skogvern på gnr. 114 bnr. 2 på Alsåker i Ullensvang.

Området er om lag 125 da og har føremålet landbruks, natur- og friluftsliv (LNFR) i kommuneplanen.

Naturkvalitetar og verneformål

Føremålet med vern av skog på Alsåker er å ta vare på gammal edellauvskog med alm, ask og lind, som tidlegare har vore haustingsskog, som er representativ for indre strok av Hardangerfjorden. Vegetasjonstypane er varierte, med innslag av småbregneskog, blåbærskog og høgstaude-storbregneskog. Området har stor variasjon av treslag, og dei eldste trea har tidlegare vore styva.

Det er eit ønskje å ta vare på verneverdiane i best mogleg tilstand, og at mangfaldet av artar og  livsmiljøa deira skal få utvikle seg mest mogleg naturleg.

Frivillig skogvern

Fram til for få år sidan vart det for det meste gjennomført tematiske verneplanar over store delar av landet. Vernet har tidlegare i stor grad vore initiert av staten, og under verneprosessane har det oppstått nokre konfliktar mellom grunneigarar og vernemynde. No er det frivillig skogvern som er den mest aktuelle verneforma. Som ordet seier, er dette eit vern der staten er heilt avhengig av at grunneigaren sjølv ønskjer dette.

Kvifor vern av skog?

Artsdatabanken som er den nasjonale kunnskapsinstitusjonen for naturmangfald, reknar med at om lag 60 prosent av alle artane på fastlandet i Noreg har skog som levestad. Totalt 90 prosent av dei trua raudlisteartane vert påverka av menneskelege arealendringar, og fysiske inngrep som følgje av utbygging og skogbruk er blant dei viktigaste faktorane. Derfor er det å ta vare på levestadane til artsmangfald i skog blant dei viktigaste tiltaka vi kan gjere for å ta vare på Hordalandsnaturen for framtida.

Regjeringa har ei langsiktig målsetjing om at om lag 10 prosent av norsk naturskog skal bli verna. Vi er enno langt unna dette målet, ikkje minst i Hordaland. Det er sett av midlar til å kompensere for frivillig skogvern i statsbudsjettet.

Konsekvensar av vernet

For å ta vare på dei sårbare og store naturkvalitetane i området er det nødvendig med ei verneform som sikrar området mot inngrep. Det er derfor ønskjeleg å verne området som naturreservat etter naturmangfaldlova § 37. Ei slik verneform vil i utgangspunktet forby aktivitetar og nye anlegg som kan skade verneverdiane i naturreservatet. Vernet vil føre til visse restriksjonar på bruk av området, både når det gjeld hogst og andre inngrep.

Grunneigarane vil framleis ha rett til jakt, fiske m.v. og ålmenta generelt for sanking av sopp og bær. Turstiar skal også kunne haldast ved like.

Avgrensing av området

Forslag til vernegrense er basert på ønskje frå grunneigar og dei dokumenterte naturkvalitetane i området. Sjå kart med forslag til avgrensing i høgre marg på denne sida.

Frist for innspel er 5. februar 2018

Det er ønskjeleg med innspel på det frivillige skogvernet slik at prosessen og tema kan verta så opplyst som mogleg. Når innspel til denne oppstartsmeldinga er vurdert, vil Fylkesmannen sende eit meir detaljert forslag til vern på høyring.

Du kan sende innspel til denne oppstarten i skjema eller som vedlegg til skjema under. Det er også mogleg å sende innspel med brev til Fylkesmannen i Hordaland, Miljøvern- og klimaavdelinga, Postboks 7310, 5020 Bergen, eller per e-post til fmhopostmottak@fylkesmannen.no.

I adresselista har vi forsøkt å få med alle dei aktuelle høyringspartane vi veit om. Grunneigarliste er teke ut i frå eigedomsregisteret. Dersom de finn feil eller veit om fleire partar som de meiner burde ha fått brevet ber vi om tilbakemelding om dette.