Ikkje forsvarleg oppfølging etter mistanke om seksuelle overgrep mot psykisk utviklingshemma person

Fylkesmannen har avslutta eit tilsyn med ei kommune i Hordaland si oppfølging av bebuarar etter mistanke om seksuelle overgrep. Me er komne til at kommunen har brote kravet om forsvarleg verksemd på fleire punkt i denne saka. Manglane me har avdekt er knytt til mangelfulle risikovurderingar, mangelfulle vurderingar av kva tryggingstiltak som var nødvendige, unnlating av å setja inn adekvate tiltak for å sikra bebuarane, manglande retningsliner og mangelfull journalføring. Dette viser mangelfull styring i kommunen.

Leiinga må sikre tillit til tenestene 

Ein føresetnad for at omsorgstenestene skal kunna seiast å vera forsvarlege, er at brukarane som mottar tenestene er trygge og skjerma frå overgrep. Viss kommunen får melding om at ein brukar har blitt utsett for seksuelle overgrep, må kommunen straks ta stilling til om det kan vera hald i meldinga. Der det er grunn til å tru at overgrep kan ha funne stad, må kommunen gjera ei risikovurdering. Dei må vurdere brukaren sin tryggleik og kva tiltak som er nødvendig å setja inn for å sikra han, og eventuelt andre, mot vidare overgrep. Viktige moment i risikovurderinga er alvorsgraden og hyppigheita av handlingane. Det må og vurderast om det er sannsynleg at overgrepa kan bli gjentatt. Av omsyn til teieplikta, samt ei eventuell etterforsking, vil det vera viktig å kven som får informasjon om overgrepet. Samstundes er det heilt avgjerande at kommunen deler tilstrekkeleg informasjon for å hindra overgrep på andre arenaer eller mot andre personar dersom den tilsette framleis er i arbeid.

Forsvarlege tenester går foran omsynet til politietterforsking

Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir) har utarbeidd retningsliner og rettleiar for handtering av seksuelle overgrep mot vaksne med utviklingshemming. Dei viser kva som er god praksis på området. Av rettleiaren går det fram at dersom den mistenkte overgriparen er tilsett, bør han straks suspenderast for å avverja nye overgrep. Av omsyn til bevissikring, bør denne avgjerda diskuterast med politiet. Kommunen si primære oppgåve er likevel alltid å sikra brukarene sine trygge og forsvarlege tenester. Kommunen må difor setja i verk dei tiltaka som til ei kvar tid er nødvendige for å sikra brukarane, også der dette kan vera i strid med politiet sine ønskje.

Dokumenter vurderingar

I tråd med krav til forsvarleg verksemd, må kommunen skriftleggjera vurderingane gjennom heile saksforløpet. Dette er viktig av omsyn til rettstryggleiken for den enkelte brukaren. Samtidig vil det og gjere det mogeleg for tilsynsmyndigheita å vurdere om vedkommande har fått forsvarlege tenester.

Kommunens handtering av overgrepssaker må vera gjennomtenkt og planlagt, for å minimera risikoen for svikt ved handteringa av dei. Leiinga ved omsorgsbustadane må difor ha oversikt over krav til dei. Dette går fram i relevant regelverk, retningsliner og rettleiarar. Dei må og planlegga korleis tilsette har nødvendig kunnskap og at forsvarleg praksis blir innarbeidast og følgd opp i verksemda.   

Fylkesmannen har meldt saka vidare til politiet.