Statsbesøk og Holbergpris

Kronprins Haakon og president Andrej Kiska besøkte Media City Bergen, TV2 og Bjerknessenteret i samband med statsbesøket frå Slovakia. Etterpå reiste presidenten til Bekkjarvik, mens Kronprinsen delte ut Holbergprisen til Cass Sunstein i Universitetet sin Aula.

Statsbesøket var som vanleg fordelt med to dagar i Oslo og ein dag utanfor hovudstaden. Da vert det gjerne Bergen og området rundt.

Grunna presidenten sin store interesse for innovasjon, teknologi og klima, vart besøket i Bergen lagt til Vitenskapslaboratoriet på Media City Bergen, TV2 sitt nye sportsstudio og til Bjerknessenteret.

Etter besøket i Bergen reiste presidenten og fylkesmann Lars Sponheim med delegasjonane ned til Bekkjarvik for lunsj. Vert var Austevoll kommune ved ordførar Morten Storebø.

Holbergprisen

Årets vinner av  Holbergprisen vart den amerikanske juristen Cass R. Sunstein som fekk prisen for sitt viktige arbeid innan statsrett, demokratiteori, rettsvitskap, atferdsøkonomi og offentleg politikk, forvaltningsrett og risikoregulering.

Som tidlegare år var det Kronprins Haakon som delte ut prisen.

H.K.H. Kronprins Hakon deler ut Holbergprisen til Cass. R. Sunstein 06.06.18

Kontaktpersoner