H.M. Dronninga til Rosendal og Lofthus

H.M. Dronning Sonja er til stades ved opninga av eigen utstilling i Galleri Guddal i Rosendal 23. juni, og vil opne hengebru/gangbru over Opo på fjellet over Lofthus den 24. juni.

Rosendal – Galleri Guddal

Den offisielle utstillingsopninga i Galleri Guddal inneheld Dronninga sine heilt nye bilde og keramikk over to store utstillingsrom.

Utstillingsopninga kl. 15.00 vil mellom anna bestå av opning ved Knut Olav Åmås, direktør Fritt ord og kulturinnslag ved Kari Malmanger, vokal.

Galleri Guddal er 25 år i år. Meir om galleriet og utstillinga her.

Det er sendt ut pressemelding frå Galleriet.

Lofthus – Ullensvang herad

H.M. Dronninga har tidlegare opna «Dronningstien» som går frå Heng. I forlenginga av stien er det no laga ei hengebru over Opo-elva ved Rjukande i Lofthus, Ullensvang herad.

Den 24. juni kl. 16.00 vil Dronninga opne hengebrua/gangbrua som ligg høgt oppe på fjellet, men kan nåast til fots.

Ei bru ved Rjukande vil gjere rundturen Hardanger Fjellsti om til ein fin dagstur i lengde, der ein i dag må gå i 1.5 timar innover elva før ein kan krysse for å koma rundt.

Tiltakshavar er stiftinga Munketrappens vener.

Det er laga eige opplegg, med akkreditering, for pressa. Program vedlagt.