Utlysing av rest-tilskotsmidlar til symjeopplæring for nykomne minoritetsspråklege barn, unge og vaksne som er omfatta av grunnskoleopplæringa

Fylkesmannen har ubrukte midlar, kr. 287 000 for skuleåret 2018. Søknadene blir behandla fortløpande etter at dei er mottatt hos Fylkesmannen.

Kommunen kan søkje om inntil kr. 1 750 kroner per elev. Andre kostnader må kommunen dekke sjølv. Mange nykomne minoritetsspråklige elevar har ikkje gjennomført symjeopplæring og gruppa er overrepresentert i ulykker på grunn av manglande symjedugleik. Departementet har på grunnlag av dette, sett av midlar for å stimulere kommunane til ekstra innsats for å gje nykomne minoritetsspråklige elevar symjeopplæring.

Mål for ordninga

Målet for tilskotet til symjeopplæring er å redusere risikoen for ulykker i forbindelse med bading og å setje elevane betre i stand til å nå kompetansemåla i læreplanen. I læreplanane er det eit mål at elevane skal vere symjedyktige etter 4. årstrinn.

Kven kan søkje

Hovudmålgruppa er nykomne minoritetsspråklige barn, unge og vaksne som er omfatta av grunnskoleopplæringa. Det er berre kommunar med nykomne minoritetsspråklige elevar som kan søkje midlar.  Dersom kommunen ser at det fins andre elevar som ikkje kan symje eller har hatt høve til å delta i symjeundervisning, kan også desse ta del i symjeopplæringa.  Desse skal ikkje takast med i søknaden.

Følgjande skal leggjast til grunn

Kommunane vel sjølve korleis opplæringa skal organiserast og leggjast opp. Symjeopplæringa kan gjevast i løpet av skuletida eller etter skuletid.  Søknader som beskriv eit samarbeid mellom frivillige organisasjonar og korleis dette kan etablerast/vidareførast, vil bli prioritert. Dersom kommunar ønskjer å samarbeide om å etablere ordningar, kan dette gjerast. Det er viktig at jenter og gutar får eit likeverdig tilbod.

Søknadsskjema er lagt ut i menyen til høgre.

Søknaden skal sendast Fylkesmannen i Hordaland. E-post-adresse: fmhopostmottak@fylkesmannen.no