61 ½ millionar kroner til stillingar i barnevernet

Den statlege styrkinga av stillingar i det kommunale barnevernet starta i 2013, og no i 2018 finansierer tilskotsordninga i alt 88,9 stillingar i Hordaland.

Det er Fylkesmannen som tildeler tilskotet, med pengar som er overført frå Barne- og likestillingsdepartementet. Føremålet med tilskotsordninga er å styrka barnevernet med nye faste stillingar. Tilskotet skal nyttast til løn og lønsrelaterte utgifter, som inkluderer arbeidsgjevaravgift samt pensjonsdel, feriepengar og eventuelle andre sosiale utgifter.

I statsbudsjettet for 2018 vart det sett av midlar til ytterlegare ei ny stilling i det kommunale barnevernet i Hordaland, og denne stillinga vart tildelt Bergen. I statsbudsjettforslaget for 2019 er det foreslått at ordninga med statleg tilskot til stillingar i det kommunale barnevernet skal halde fram også til neste år, sjå budsjettkapittel 854 post 60. På landsbasis skal løyvinga dekkje utgiftene til om lag 1 020 stillingar i kommunane. Dei kommunane/barneverntenestene som har fått tilskot i år, kan forvente tilsvarande tilskot til neste år, under føresetnad av at kriteria for å få tilskot framleis er oppfylt.

I alt 25 kommunale og interkommunale barneverntenester, samt tre ordningar med barnevernvakt, har i 2018 fått utbetalt til saman 61,5 millionar kroner i 2018. I tillegg kjem 3,9 millionar kroner som er overført frå 2017, slik at tiltaka i alt har 65,4 millionar statlege kroner til rådvelde i 2018.

Dei 88,9 stillingane fordeler seg slik:

    Bergen
    Stord/Sunnhordland
    Askøy
    Os
    Fjell
    Odda/Hardanger
    Voss
    Kvinnherad
    Osterøy
    Meland
    Fusa
    Tysnes
    Sund
    Austevoll
    Kvam
    Radøy
    Sveio
    Lindås
    Vaksdal
    Samnanger
    Gulen/Masfjorden
    Austrheim
    Vindafjord/Etne
    Øygarden
    Granvin

  33,3
    7,0
    6,0
    5,475
    5,0
    3,975
    3,5
    3,0
    2,6
    2,0
    1,6
    1,5
    1,5
    1,5
    1,0
    1,0
    1,0
    1,0
    0,8
    0,75
    0,5
    0,5
    0,5
    0,5
    0,4

    Bergen barnevernvakt
    Fjell barnevernvakt *)
    Askøy barnevernvakt

    1,5
    1,0
    0,5

    Sum

  88,9

*) Samarbeid mellom Fjell, Sund og Øygarden

Klikk på lenkja i høgremargen for å sjå oversikta over årets tilskot.