Ny miljøvernsjef

Kjell Kvingedal er tilsett som miljøvernsjef hos Fylkesmannen i Hordaland etter Terje Aasen. Han tek til i stillinga 1. mai 2013.

Kvingedal er utdanna innan miljøvern, biologi og leiing og har tildlegare arbeidd for mellom anna klima- og forurensingsdirektoratet og NORAD. I tillegg har han arbeidd i ei årrekke hos Fylkesmannen i Hordaland, sist som seksjonsleiar ved miljøvern- og klimaavdelinga.

Det var 12 søkjarar til stillinga som miljøvernsjef.