Vil dekke til forureina sjøbotn i Store Lungegårdsvann


Høringsfrist 24. oktober 2016 23:00

Bergen kommune søkjer om løyve etter forureiningslova til å dekke til forureina sjøbotn i Store Lungegårdsvann. Frist for uttale er 24. oktober 2016.

Figur 1 Skyggerelieffkart med tiltaksområdet til "Renere havn Bergen". Dei to alternativa for tiltaksareal er vist med tjukk, raud linje og stipla, raud linje. Tynn raud linje markerer inndeling av tiltaksområdet i mindre delområde. Areala som vert dekt av utfyllingane til Statens vegvesen og Bybanen utvikling er markert med høvesvis grøn og blå skravur.

Figur 1 Skyggerelieffkart med tiltaksområdet til "Renere havn Bergen". Dei to alternativa for tiltaksareal er vist med tjukk, raud linje og stipla, raud linje. Tynn raud linje markerer inndeling av tiltaksområdet i mindre delområde. Areala som vert dekt av utfyllingane til Statens vegvesen og Bybanen utvikling er markert med høvesvis grøn og blå skravur.

Bergen havn er blant dei 17 prioriterte områda i regjeringa sin handlingsplan for opprydding i forureina sjøbotn. Målet med det nasjonale oppryddingsarbeidet er at miljøgifter frå gamle utslepp skal ut av sirkulasjon og bort frå økosystemet.

Renere havn Bergen er eit samarbeidsprosjekt mellom Bergen kommune og Bergen og Omland hamnevesen. Tiltaksområda i Byfjorden er Vågen, Puddefjorden og Store Lungegårdsvann. Tiltak i Puddefjorden vert gjennomført først, med planlagt oppstart februar 2017 og vil var i omlag eit år. Denne søknaden gjeld tiltak i Store Lungegårdsvann. Tidspunkt for gjenomføringstid er ikkje fastsett. Tiltaket kan tidlegst starte i 2019 på grunn av koordinering med bybaneprosjektet og tildekking i Puddefjorden.

Koordinering mot andre tiltak i Store Lungegårdsvann

Parallelt med denne søknaden om tildekking av forureina sjøbotn søkjer Bybanen utvikling om løyve til utfylling i sjø langs austsida av Store Lungegårdsvannn i samband med etablering av ny bybanetrasé. I tillegg pågår det eit utfyllingsprosjekt i nord med Statens vegvesen som ansvarleg. Utfyllingane vil dekke delar av eksisterande sjøbotn, og «Renere havn Bergen» søker om løyve til tiltak i dei områda som ikkje vert dekka av utfyllingsmassene (Figur 1).

Bybaneutfyllinga vert planlagt med eit minimums- og et maksimumsalternativ for utfyllingsareal. Dette gir to alternativ for tiltaksareal for opprydding i forureina sjøbotn; 400 dekar (tjukk, raud linje i Figur 1) eller 380 dekar (stipla, raud linje i Figur 1).

Sjøbotn er forureina og det er fare for helse og økologi

Sjøbotn i Store Lungegårdsvann er forureina av miljøgifter tilsvarande tilstandsklasse 5 (svært dårleg) for TBT og tilsvarende tilstandsklasse 4 (dårleg)  for bly, kopar, kvikksølv og PAH.  "Risikovurdering av forurenset sediemt i Store Lungegårdsvann" (COWI 2016) fann at det var knytt risiko for human helse og økologi til dei forureina sedimenta slik dei ligg i dag.

Tildekking vil stoppe spreiing av forureining

Søknaden gjeld tildekking av inntil 400 dekar forureina sjøbotn med to alterenative metodar. Anten tynnsjiktstildekking med aktive material (til dømes aktivt kol)  i ca. 20 cm tjukt lag eller sand/skjelsand i ca. 40 cm tjukt lag. Det vert også søkt om løyve til mudring, då mudring kan vere nødvendig i nokre mindre område. Tiltaket har som miljømål at forureina sjøbotn ikkje skal ha negativ effekt på økosystemet eller føre til helsefare for menneske.

Tildekking med reine massar vil isolere/binde miljøgiftene i eksisterande sjøbotn og dermed redusere spreiing og opptak av miljøgifter i organismar og lage ny rein sjøbotn. Det er rekna ut at miljøgevinsten ved tiltaket er at totalt 55 kg kvikksølv, 5400 kg bly, 4 kg PCB og 400 kg PAH i dei øvre 20 cm av sedimenta vert isolert.

Metode for å redusere forureining og overvaking av anleggsarbeidet

Metode for plassering av tildekkingsmassar vert avklart ved detaljdimensjonering.

  • Tildekkinga på botn (kor tjukt og fordeling) skal overvakast og kontrollerast med tre uavhengige metodar
  • Spreiing av finpartiklar i sjøvatn skal overvakast med kontinuerlege turbiditesmålingar. Arbeidet skal stansast om målingar overskrid fastsett grenseverdi, og det skal takast vannprøve for dokumentasjon av kva partiklane inneheld
  • Ferdig tildekking skal dokumenterast med prøvetaking av miljøgifter av nytt topplag, sedimentfeller for dokumentasjon av partikkelspreiing og kartlegging av sjøbotn

Om løyve etter forureiningslova

Løyve etter forureiningslova § 11 vil sette vilkår for utføring, overvaking og sluttkontroll av tiltaket, mellom anna for å sikre at:

  • tildekking med reine massar vil forsegle miljøgiftene i sedimenta i samsvar med miljømål
  • anleggsarbeidet under vatn vert utført med minst mogleg spreiing frå sedimenta og frå tildekkingsmaterialet
  • anleggsarbeidet over vatn vert utført slik at støy- og støvgrenser vert halde

Offentleg ettersyn
Saksdokumenta er lagt ut til offentleg ettersyn i Statens Hus i Kaigaten 9 i Bergen og er tilgjengeleg til høgre på denne nettsida. Saksdokumenta er og lagt ut i Informasjonssenteret på Rådhuset i Bergen kommune (Rådhusgata 10). Vi viser til Bergen kommune sin nettstad Renere Havn Bergen for meir informasjon om prosjektet.

Høyringsfrist er 24. oktober 2016

Merknadar til søknaden kan leggast inn direkte på nettsida under denne saka, eller sendast til Fylkesmannen i Hordaland, Postboks 7310, 5020 Bergen eller til fmhopostmottak@fylkesmannen.no innan 24. oktober 2016.

Alle merknader blir registrert i vår postjournal. Alle må derfor skrive under med fullt navn.