Lisensfelling av ulv i region 1 og region 2 – vinteren 2018 - 2019

Søndag 1. oktober starter perioden for lisensfelling på ulv. Jakta varer fram til 31. mars 2019. Det er ei kvote på tre ulv i heile Rovviltregion 1 og på to ulv i heile Rovviltregion 2.

Rovviltnemnda i region 1 Vestlandet vedtok i møte 7.5.18 ei kvote for lisensfelling på ulv på tre dyr. Kvota gjeld heile region 1, som mellom anna omfatter Vest-Agder.

Rovviltnemnda i region 2 Sør-Norge vedtok i møte 19.6.18 ei kvote for lisensfelling på ulv på to dyr. Kvota gjeld heile region 2, som mellom anna omfatter Aust-Agder.

Lisensfellingsperioden gjeng frå 1. oktober 2018 til og med 31. mars 2019.

For å kunne delta i lisensfelling må du registrere deg som lisensjegar. Informasjon om korleis du registrerer deg som lisensjegar finn du her: (http://www.miljodirektoratet.no/no/Tjenester-og-verktoy/Database/Registrer-deg-som-lisensjeger/).

Jegerane plikter å halde seg orientert om det er felt dyr, og skal minimum ringe informasjonstelefonen (sjå høgre kolonne) kvar dag før jaktstart og mellom kl 14 og 15. Jakta er slutt straks kvota er fylt.

Dersom ein ulv blir felt eller skutt på, pliktar jegar straks og innan 30 minutt å gje melding til Fylkesmannen i Aust- og Vest-Agder på tlf nr 409 16 574. Meld også straks frå til lokal rovviltkontakt, som vil kontrollere det felte dyret.

Les meir i vedlagde vedtak i høgre kolonne.

Infotelefon ulv Aust-Agder:
37 01 75 57

Infotelefon ulv Vest-Agder:
51 56 89 00

Vakttelefon rovvilt:  409 16 574
(meldinger på SMS sendes også til mobil: 957 29 269)