Slåttedag i Valle

Hesjing på slåttedag på Rygnestad.
Hesjing på slåttedag på Rygnestad. (Foto: Lisbeth Svendsen Kismul / Fylkesmannen i Aust- og Vest-Agder)

Den årvisse slåttedagen på Rygnestad går av stabelen laurdag 14. juli.

Programet er som følgjer:

  • ljåslått med langorv og stuttorv
  • sliping/bryning
  • gratis slåttegraut ca. kl. 12.00
  • slåttekonkurranse ca. kl. 13.00

Alle interesserte kan prøve ulik reiskap og delta i slåtten. Dei som ynskjer kan ta med eigen ljå.

Arrangør er Setesdalsmuseet i samarbeid med Fylkesmannen og grunneigarar.

Les meir om slåttedagen på nettsida til Setesdalsmuseet.

Rygnestad og Flateland i Valle er eit av to utvalde kulturlandskap i Aust-Agder.

Les meir om utvalde kulturlandskap på nettsida til Landbruksdirektoratet.