Verdiset jordbruksareal og dyrkbar jord i konsekvensanalyser

Ein rapporten NIBIO har utarbeidd på oppdrag frå Vegvesenet gir utfyllande skildring av bakgrunnen for verdiklassifiseringene og kartgrunnlaget dei er bygd på, samt bakgrunn for vurdering av påverknad.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 07.03.2018

I høve revidering av handbok V712 om konsekvensanalyser har Statens vegvesen gjeve NIBIO i oppdrag å utarbeide kriteria for verdisetting av jordbruksareal og dyrkbar jord etter den femdelte verditabellen, som vert nytta i handboka, samt å skildre tiltaka sin påverknad for fagområdet jordbruk.

Denne rapporten gir utfyllande skildring av bakgrunnen for verdiklassifiseringane og kartgrunnlaget dei er bygd på, samt bakgrunn for vurdering av påverknad.

Framtidsutsikter frå FN tilseier at matproduksjonen i verda må auke med 70 prosent innan år 2050,
for å møte folketalsauken. Samstundes er det forventa at matproduksjonen vil avta i viktige
jordbruksområde i verda i dag, og at ein større del av matproduksjonen må skje på våre
breiddegrader. Berre 3 prosent av landarealet i  Norge er dyrka mark, og berre 1 prosent er eigna for
matkorndyrking. Forvaltning av produksjonsgrunnlaget for jordbruket må difor ventast å ha direkte
innverknad på vår evne til å møte kravet om auka matproduksjon i framtida.


Regjeringa har vedteke som nasjonalt jordvernmål å begrense nedbygginga av jordbruksareal til
under 4 000 dekar pr år innan 2020. Nedbygging av jordbruksareal vil likevel nokon gonger ikkje kunne hindrast. Då vil kunnskap om kvalitetar ved ressursgrunnlaget vere nyttig for å best mogleg skille mellom ulike alternativ. Dette er føremålet med verdikarta som no er utvikla.

Matrise for klassifisering av jordbruksareal

Verdiklassifisering av jordbruksareal byggjer på jordsmonnkart der det er tilgjengeleg, og elles på opplysningar frå AR5 og DMK. I område utan jordsmonnkart vil det vere naudsynt med supplerande undersøkingar for å gjere ein fullstendig verdivurdering. Dyrkbar jord er klassifisert etter opplysningar frå DMK og datasettet «dyrkbar jord». Verdikarta er tilgjengelege i kartinnsynsløysning, som WMS og for nedlasting. Faktorar som påverkar attståande jordbruksareal, er redusert storleik, form og tilgjenge. Riktige tiltak ved rigg- og anleggsområde på jordbruksareal er naudsynt for å unngå varige avlingsreduksjonar som følgje av jordpakking.