Kommunereforma: Nå nærmar fristen seg

Fylkesmannen sender i desse dagar ut eit brev til kommunane, der målet er å gi gode råd og tips i den avsluttande fasen mot endelege vedtak i kommunane.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 15.04.2016

Me sende ut eit informasjonsbrev i august 2015, med vekt på involvering av innbyggjarane. Det er eit mål at brevet som nå går ut skal vera til hjelp i den avsluttande prosessen fram mot endeleg vedtak i kommunestyra. Fristen er 1. juli. Etter vår vurdering er det viktig for det vidare arbeidet om det er nokolunde lik struktur på saksframstillinga i kommunane.

Momentliste

Me har laga ei eiga "momentliste" som kan vera til hjelp i saksbehandlinga. Denne lista byggjer på kriteria som regjeringa ønskjer at kommunane legg vekt på. Det ligg også ved ei oversikt over aktuelle nettstader.

Dialog

Fylkesmannen ønskjer ein open dialog med kommunane i tida framover, heilt fram til 1. oktober då me skal ha tilrådinga vår klar. Då er det viktig at me legg det same faktagrunnlaget til grunn, og har om lag det same utfordringsbiletet.

Me kan også leggja til at kommunereform blir eit viktig tema på Kommuneøkonomidagen i Stavanger 31. mai.

Du finn brevet og momentlista høgremargen

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.