Karbonfangst med myrrestaurering

Bilde viser område med grøftet myr på Aspåsmyran.
Restaureringsareal på Aspåsmyran. Myrrestaureringa med gravemaskin har starta.

Tetting av grøfter i Aspåsmyran naturreservat skal hindre klimagassutslepp og sikre leveområde for artar knytt til myr.

Publisert 20.08.2019

Aspåsmyran naturreservat er eit myrreservat i Gjemnes kommune. Området i og utenfor reservatet er prega av ei omfattande etablering av skogsgrøfter som blei gjennomført for 40-60 år sidan. Grøftesystema har ført til at myra har blitt drenert og uttørka. 

Grøfter i Aspåsmyra har ført til drenering. Foto: Fylkesmannen

Hausten 2016 og 2017 satte statsforvaltaren i samarbeid med Statens Naturoppsyn i gang ei omfattande restaurering i Aspåsmyran. Område for restaurering blei utvida lenger aust i 2021 og 2022. Over 13 000 m grøft har blitt tetta ved å lage demningar av torv på tvers av grøftene. I tillegg har det blitt felt ein del trær på grunn av at dei bidreg til ytterlegare uttørking av myra.

Den første pluggen vert etablert. Foto: SNO

Målet er at restaureringa vil bidra til ei permanent heving av vasspeilet i myra. Hensikta med det er mellom anna å skape gode høve for torvmosar. Torvmosane veks i spissen, dei eldre delane døyr, og dannar fundamentet i myr; torv. Intakt myr inneheld eit stort lager med karbon, og det er dette vi no prøver å tilbakeføre i Aspåsmyran. 

Torvmose hadde allereie etablert seg sumaren 2018.

Restaurering er også eit viktig tiltak for naturmangfaldet på myra. I åra 2019 til 2023 har Dag Dolmen frå AmphiBios vore på Aspåsmyran for å registrere mellom anna augnestikkarar, amfibier og andre insekt. Undersøkingane viser at restareringa har verka positivt, og det har blitt eit faunarikt område. Meir om resultata kan du lese i rapportane som ligg under Dokument.

Liten blå vannymfe hann (Enallagma cyathigerum) og stor libelle hann (Aeshna juncea). Foto: Dag Dolmen/Jonny Pedersen

Meir om verneområdet og verneformålet finn du her.

Myrrestaurering som klimatiltak

Torvmyrer står for om lag 1/3 av verdas karbonlager i jord, og dei bind opp meir CO2 frå atmosfæren enn dei slepp ut. Grøfting fører til uttørking og nedbryting av torvmyr – og dermed auka CO2-utslepp. Heving av vasspeilet bremsar nedbrytinga og vil stabilisere karbonlagra i myra. Slik kan den igjen bidra til karbonfangst.

Del av restaurert område i Aspåsmyran. Foto: SNO