Etterhandskunngjering av løyve til arbeid i sjø i Tauvågen

Strand vidaregående skule har fått løyve etter forureiningslova til å utføre pelearbeider i forureina sjøbotn ved gnr. 17, bnr. 4 i Tauvågen, Strand kommune. 

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 18.05.2016

Løyvet vart vedteke 13.05.2016, og omfattar nedsetting av om lag 30 pelar i samband med utviding av bryggeanlegg. Sjøbotnen er forureina av TBT (svært dårlig tilstand), sink og enkelte PAH-sambindingar (dårlig tilstand).

Vedtaket kan påklagast til Miljødirektoratet innan tre veker frå kunngjeringstidspunktet. Ei eventuell grunngjeven klage kan rettast til Miljødirektoratet og sendast til Fylkesmannen i Rogaland, postboks 59, 4001 Stavanger, eller til fmropost@fylkesmannen.no.

Sjå løyvet og søknadsdokumenta i høgremargen.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.