Høyring: Rogaland bør ha eigen fylkesmann

Kommune- og regionreforma har gjort det nødvendig for regjeringa å vurdera fylkesmannsstrukturen. I sommar blei den førebelse rapporten sendt på innspelsrunde. Fylkesmannen i Rogaland meiner at Rogaland framleis må ha eigen fylkesmann. 

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 17.10.2016

Me støttar dermed konsolideringsmodellen eller ein variant av regionmodellen der grensene for Fylkesmannen i Rogaland blir som i dag - eller tilpassa politidistriktet. Rapporten er i hovudsak både god, grundig og balansert. Rapporten er ein særs god gjennomgang av Fylkesmannen, både i eit historisk og aktuelt perspektiv.

Talet på kommunar det viktigaste

Arbeidet med ny kommunestruktur og regionstruktur er mellom dei viktigaste grunnane til at det er sett søkjelys også på fylkesmannsstrukturen. Kommunestrukturarbeidet er kome så langt at me ser at det ikkje blir mange frivillig nye kommunar i Rogaland. Eit viktig element i vurderinga av fylkesmannsinndelinga er derfor på det nærmaste avklart. Det er per i dag større uvisse om resultatet av arbeidet med å slå saman fylke/fylkeskommunar. Eitt alternativ er ein stor vestlandsregion med Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane. Blir dette ein realitet, kan det få følgjer for fylkesmannsstrukturen. For fylkesmennene er talet på kommunar likevel eit viktigare vurderingskriterium enn talet på folkevalde regionar, rett og slett fordi det er kommunane me har tett kontakt med i det daglege.

Framleis mange og små kommunar

Så langt gir kommunereforma lite grunnlag for endra fylkesmannsstruktur i Rogaland. Her vil det framleis vera relativt mange og små kommunar. Me er samde i at fylkesmannsstruktur og regionstruktur i størst mogleg grad bør vera samanfallande, men med eit stort vestlandsfylke/region (Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane), blir avstandane til kommunane, og ikkje minst andre brukargrupper, altfor store. Her bør det i så fall vurderast om regionen bør ha to eller fleire fylkesmenn.

Nærleik til landbruket er viktig

Rogaland er eit stort landbruksfylke, med om lag 20 prosent av den totale matproduksjonen i landet. Rogaland har såleis eit viktig ansvar for den totale matproduksjonen. Samla verdiskaping var i 2014 på 5,6 milliardar kroner og sysselsettinga 6 500 årsverk i fylket. Rogalandslandbruket har andre utfordringar, kompetanse, kultur og tradisjonar enn nabofylka både i nord og sør. For Fylkesmannen vil også i framtida nærleiken til landbruksnæringa vera ein viktig føresetnad for å gjera godt og relevant arbeid. Dette er i liten grad vurdert i rapporten frå prosjektgruppa.

Rogaland er eit tiprosents-fylke

I rapporten til prosjektgruppa blir ein landsdelmodell presentert som ein tenkeleg modell, med eksempelvis fem embet totalt. Dette ser me som ei utenkjeleg løysing for Rogaland sitt vedkomande. Me har som visjon å ta vare på Rogaland. Dette inneber ikkje nødvendigvis å verna om grensene, men først og fremst å syta for at me fremjar verdiar og sikrar brukarane våre sine rettar og interesser på ein tilfredsstillande måte. Med ein landsdelmodell lèt ikkje dette seg gjera.

Regjeringa har eit mål om rundt 10 regionar. Rogaland har i dag om lag 470 000 innbyggjarar og har såleis nær 10 prosent av folketalet i landet. Med dagens, og så langt inn i framtida me ser i dag, har fylket relativt mange og små kommunar og reiseavstanden vil vera uendra. Me viser også til behovet for nærleik til andre brukargrupper enn kommunane (private tilsynsobjekt, søkjarar, klagarar, landbruket med vidare).

Ut frå mellom anna dette bør Rogaland framleis ha eigen Fylkesmann. Me ser at omsynet til samordning og samvirke med sentrale samarbeidsorgan/etatar kan aktualisera grensejusteringar. Felles grenser med politiet kan såleis vera eit godt alternativ.

For Rogaland er konsolideringsmodellen, eller ein regionmodell der Fylkesmannen i Rogaland består, einaste reelle, berekraftige og framtidsretta alternativ.

Heile brevet til Kommunal- og moderniseringsdepartementet med innspela våre, finn du som vedlegg til denne nettsaka. Der finn du også den førebelse rapporten frå prosjektgruppa.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.