Skogfond og skogfondskonto

Skogfond er ei lovpålagt fondsavstening, som skal sikre at skogeigar har midlar til å finansiere investeringar i egen skog. 

Alle skogeigarar skal ha sin eigen skogfondskonto. Pengane på skogfondskontoen følgjer skogeigedomen og tilhøyrer skogeigar. Skogfondet består av midlar som skogeigar pliktar å setje av ved alt sal av tømmer og biobrensel. Kvar skogeigendom har eigen fondskonto, og skogfondsmidlane er knytt til skogeigedommen. 

Skogfond gjev skattefordel

Den delen av tømmerinntekta som vert avsett til skogfond, blir ikkje tatt til inntekt og beskatta. Inntektsføring skjer når pengane blir tatt ut att frå fondet. Det er her skattefordelen oppstår, fordi ein del av dette uttaket er skattefritt, når pengane blir brukte til formål med skattefordel. Den skattefrie delen av utbetalt skogfond er 85 %, og alle tiltak som kan dekkjast med skogfond gjev skattefordel (med unntak av meirverdiavgift).

Les meir om skogfond på Landbruksdirektoratet sine nettsider.