Landbruket si forventing til kommunale planprosessar

Fylkesmannen si landbruksavdeling har utarbeidd to skriv som omhandlar Fylkesmannen si forventning til kommunale planprosessar; oppstart kommuneplan samfunnsdel og arealdel.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 12.02.2018

Skriva inneheld moment som kommunane omtrentleg kan forvente å få som svar på offentleg høyring ved varsel om planoppstart. Slik vil landbruksavdelinga bidra til tidleg medverknad i planprosessen, og som ein tydeleg høyringspart i planarbeidet for alle kommunane i Møre og Romsdal.

Fylkesmannen i Møre og Romsdal skal som høyringspart bidra til gode og effektive planprosessar i kommunane i fylket. Landbruksavdelinga uttaler seg hovudsakleg om arealdisponering med tema jordvern og skogbruk.

For at kommunane skal kome godt og effektiv i gang med planarbeidet, har vi utarbeidd to skriv, som handlar om oppstartsmelding for kommuneplanen sin samfunnsdel og arealdel. Vårt håp er at dette vil synleggjere og skildre krav og forventningar til dei kommunale planprosessane på eit tidleg stadium, og redusere behovet for motsegn frå Fylkesmannen.

Vår merknad til oppstartsmelding til kommuneplanen sin arealdel kan også nyttast ved oppstart av reguleringsplanarbeid.