Når kan eg melde ei sak til Statsforvaltaren?

Dei aller fleste gongane mobbing eller plaging skjer, finn skolen gode løysingar saman med elevane og foreldra.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 08.08.2017

Dersom det ikkje blir betre, eller om du meiner tiltaka ikkje er gode nok, kan du melde saka til Statsforvaltaren i det fylket du bor i.

Føresetnadane er at:

  • du må ha tatt opp saka med rektor på skolen
  • det må ha gått minst ei veke, fem arbeidsdagar, frå du tok opp saka med skolen
  • saka gjeld barnet ditt sitt psykososiale skolemiljø på den skolen barnet ditt går på no, skulle ha gått på eller midlertidig har bytt frå

Er det heilt særskilde tilfelle, kan du uansett ta kontakt med Statsforvaltaren. 

 

Kva gjer Statsforvaltaren?

Vi passar på at skolen følger lover og reglar om at elevane skal ha det bra. Dersom vi meiner at skolen ikkje har gjort det den skal, kan vi bestemme kva skoleeigar skal gjere i saka, slik at eleven får det trygt og godt på skolen. Statsforvaltaren kan også vedta konkrete tiltak skolen må gjennomføre.

Kva som er best for elevane er eit viktig prinsipp når vi skal behandle saka.

Statsforvaltaren vil sette ein frist og sørgje for at skoleeigar følger opp innan fristen. Om skoleeigar ikkje følger opp saka, kan ein få bøter. 

Vi kan også rettleie deg om kva rettar du som forelder og barnet ditt har. 

 

Kva om Statsforvaltaren meiner at skolen har sett inn eigna tiltak?

Dersom Statsforvaltaren meiner at skolen har gjort det som ein med rimelegheit kan forvente og skolens planar for vidare tiltak er gode nok, vil Statsforvaltaren ikkje gje dykk medhald i saka.

Om du ikkje er enig i Statsforvaltaren sitt vedtak, kan du klage til Utdanningsdirektoratet.

Tilbake

 

Kjelder:
nullmobbing.no
Rundskriv Udir - 3 - 2017