Barnehagekonferansen 2017

Dato:
26. oktober 2017 - 27. oktober 2017
Sted:
Scandic Parken i Ålesund
Arrangør:
Konferansen er eit samarbeid mellom Høgskulen i Volda, Fylkesmannen i Møre og Romsdal og Utdanningsforbundet Møre og Romsdal.
Målgruppe:
Målgruppe er pedagogisk personale i barnehagane, barnehageansvarlege på kommunenivået, tilsette i PPT og høgskuletilsette.

Den årlege barnehagekonferansen i Møre og Romsdal vert arrangert på Scandic Parken i Ålesund 26. og 27. oktober

Publisert 01.08.2017

Konferansen er nå avholdt.

Konferansen er eit samarbeid mellom Høgskulen i Volda, Fylkesmannen i Møre og Romsdal og Utdanningsforbundet Møre og Romsdal. Sjå Teaser med informasjon om bidragsytarar her.

 

Målgruppe

Målgruppe er pedagogisk personale i barnehagane, barnehageansvarlege på kommunenivået, tilsette i PPT og høgskuletilsette.

 

Fagleg innhald

Ny rammeplan for barnehagen sitt innhald og oppgåver gjeld frå 1. august i år.  Rammeplanen er ei forskrift til barnehagelova og er dermed eit vedtak som konstaterer barnehagen sine plikter. Med Barnehagekonferansen RESPEKT! skal vi bidra til å løfte kvaliteten i alle dei 294 barnehagane i fylket. Innhaldet i rammeplanen skal realiserast i den einskilde barnehage og i møte med det einskilde barnet.  Søkjelys på implementering av ny rammeplan, profesjonsetikk og inkluderande barnehagemiljø ligg til grunn for innhaldet i konferansen.

Anerkjenner og tar vi vare på barndommens eigenverdi? Møter vi barnet og barnet sine opplevingar med respekt?  Kva med mobbing i barnehagen? Stopper vi mobbing og følgjer vi opp når vi ser at negative samspelsstrategiar og begynnande mobbeatferd utviklar seg?  Meld deg på Barnehagekonferansen RESPEKT! og bli med i debatten om desse og fleire viktige spørsmål. 

Vilkår for deltaking

Barnehagekonferansen er ein to-dagars konferanse og deltakarane må difor delta begge dagane.  Det er ikkje høve til å dele ein plass.

 

Atterhald om gjennomføring

Det vert teke atterhald om gjennomføring av konferansen på grunnlag av påmelde innan påmeldingsfristen 21.08.2017.

 

Konferanseavgift

Konferanseavgifta dekkjer det faglege innhaldet og er kr. 1000,- 

 

Oppgjer i samband med opphald

Pris per person i enkeltrom m/heilpensjon (26.–27.10) er kr. 2.000,-  Pris per person i dobbeltrom m/heilpensjon (26.–27.10) er kr.1.900,-  Deltakarane må sjølve gjere opp hotellkostnadene direkte med det hotellet ein bur på.

 

Dagpakkar - konferansemiddag

Dagpakke for ikkje-buande begge dagar er kr. 1.150,-  Pris på konferansemiddag for ikkje-buande er kr. 495,-

Kostnader for ikkje-buande, i samband med dagpakkar/konferansemiddag, betaler deltakarane sjølve direkte til Scandic Parken.

 

Felles rekning – avtal på førehand

Dersom fleire frå same barnehage/kommune ønskjer fellesrekning, må dette avtalast med Scandic Parken på førehand.

 

Konferansemiddag

Arrangørane inviterer også i år til felles 3-rettars konferansemiddag på Scandic Parken om kvelden den 26. oktober.  Middagen er inkludert i heilpensjon. Ikkje-buande som ønskjer å delta på middagen er hjarteleg velkomne, og desse har sjølve ansvaret for å betale for middagen til Scandic Parken.  Middag bestiller ein ved påmelding.

 

Opphald og overnatting

Vi disponerer eit tal rom på Scandic Parken, Thon Hotel og Scandic Scandinavie i Ålesund.  Av erfaring veit vi at konferansen har stor deltaking, og vi gjer merksam på at ein ikkje er sikra rom på det hotellet ein primært ønskjer. Det er sjølvsagt også mogleg å dele rom.  Det er då viktig at ein i påmeldingsskjemaet opplyser om kven ein skal dele rom med.  Informasjon om kva hotell ein skal bu på, får ein ved Scandic Parken på ankomstdagen.

Vi ser fram til konferansen og til å ønskje dykk velkomne til Barnehagekonferansen 2017.

Dato:
26. oktober 2017 - 27. oktober 2017
Sted:
Scandic Parken i Ålesund
Arrangør:
Konferansen er eit samarbeid mellom Høgskulen i Volda, Fylkesmannen i Møre og Romsdal og Utdanningsforbundet Møre og Romsdal.
Målgruppe:
Målgruppe er pedagogisk personale i barnehagane, barnehageansvarlege på kommunenivået, tilsette i PPT og høgskuletilsette.