Økonominettverkssamling i Balestrand 3. og 4. juni 2019

Årets samling i økonominettverket er lagt til Balestrand og Kviknes Hotel. Tema for samlinga er mellom anna ny kommunelov, inntektssystemet, kommuneproposisjon 2020, økonomiutvikling og pensjon.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 12.04.2019

Under temaet ny kommunelov for økonomiforvaltninga vil vi ta opp dei praktiske verknadene av lovendringa, og sjå på inntektssystemet med færre kommuar frå 2020. På dag to er tema mellom anna status etter 2018, RNB 2019 og kommuneproposisjon 2020, økonomiske analyser og konsekvensar av ei endra pensjonsordning.

Målgruppe for samlinga er økonomisjefar/leiarar, rekneskaps- og økonomimedarbeiderar og revisjonen. Det er kjekt at vi i år også kan sende invitasjon til alle kommunane i Hordaland! Vi håpar på god oppslutnad, og at nettverket kan vere eit forum for at kommunane kan bli kjende med kvarandre, få faglege oppdateringar og diskutere framtida i nye Vestland.

Sjå program for samlinga til høgre på sida.

Dersom du er påmeldt men vert forhindratil å møte, meld frå på e-post til fmsfmlu@fylkesmannen.no
Fylkesmannen vil sende faktura for oppholdet.

Prisar og påmelding finn du nedanfor:

Pris for begge dagar m/overnatting enkeltrom kr 2 550
Dagpakke 3. juni m/lunsj kr 825
Dagpakke 3. juni m/lunsj og middag kr 1 800
Dagpakke 4. juni m/lunsj kr 600  

Frist for påmelding er 6. mai.

Meld deg på samlinga her.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.