Yrkessjåførar med syn på eitt auge

Yrkessjåfør med syn på berre eitt auge. 

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 19.09.2019, Sist endret 25.01.2023

Ein person som er yrkessjåfør med syn på eitt auge kan framleis få unntak frå helsekrava for førarkort for lastebil og buss. Det har Samferdselsdepartementet og Helse- og omsorgsdepartementet avgjort.

Det er krav om syn på begge auge for å få førarkort i høge førarkortklasser. Det er likevel ein del sjåførar som har fått dispensasjon frå dette kravet. 

Med endringar som no er fastsett vil det vere mogleg å søke om forlenging av dispensasjonen også utover 30. september 2019. Søkar må gjennomføre ei praktisk køyrevurdering, dersom dette ikkje blei gjort ved fornying av siste dispensasjon.

For ikkje å få opphald i førarretten kan førarkortinnehavar ta kontakt med Statens vegvesen for å få midlertidig løyve til å køyre medan dispensasjonssøknaden blir behandla hos Statsforvaltaren.

Meir informasjon kan ein finne på Regjeringa.no

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.