Fiske i sjø

Glad person som holder laks fanget i sjø
Fisketida etter anadrome laksefisk (laks og sjøaure) i fredingssonene i sjø følgjer i hovudsak fisketida etter den aktuelle arten i vassdraget. Fisketid i vassdrag finn du i forskrift om fiske etter anadrome laksefisk i vassdrag. Foto: Tore Wiers / Norce LFI.

Når du skal fiske i sjø må du ta omsyn til fiskereglane i fredingssoner. I tillegg skal alle garn senkast ned i ein periode av året. 

Fiske etter laks og sjøaure i sjø

Fiskereglar for fiske etter anadrome laksefisk i Vestland finn du i forskrift om fiske utanfor vassdrag med anadrom laksefisk og om nedsenking av garn, Vestland. Denne forskrifta vart vedteke i mars 2024.

Det er óg forbod mot fiske i ein periode i Hardangerfjorden i nasjonal forskrift. Sjå meir informasjon lenger ned. 

Fredingssoner

Utanfor vassdrag er det to fredingssoner med fiskereglar: 100-metersone og munningsfredingssone. 

Fiskereglar i 100-metersone

Frå grense elv-sjø og 100 meter ut er alt fiske forbode. Unntaket er fiske med stong og handsnøre frå land etter anadrome artar og saltvassfisk, i den tida vassdraget er ope for fiske etter laks og eller sjøaure i vassdraget. Fiske etter laks og sjøaure fylgjer fisketida til den aktuelle arten av anadrom laksefisk i vassdraget. Fisketida finn du i forskrift om fiske etter anadrome laksefisk i vassdrag. Dette er ein nasjonal regel. 

Fiskereglar i munningsfredingssone

I munningsfredingssoner er det berre lov å fiske med stong og handsnøre (frå land, is, båt i ro og i rørsle) etter anadrome laksefisk i den tida vassdraget er ope for fiske etter den aktuelle arten. I fredingssoner som omfattar fleire vassdrag, fylgjer fisketida reguleringane i det strengast regulerte vassdraget. 

Fiske etter saltvassfisk (frå land, is, båt i ro) er lov heile året i munningsfredingssona. 

Yrkesfiskarar som fiskar med not, snurrevad og trål kan fisk i sona inntil 500 meter frå grense elv/sjø (elvemunninga). Dette er ikkje lov utanfor Daleelva og Vossovassdraget, i Vaksdal kommune og Voss herad. 

Fiske etter saltvassfisk med garn, ruse line og teiner skal senkast ned til minst fem meter under havoverflata. Nedsenkingspåbodet gjeld heile året og for alle maskestorleiker. 

Nokre fredingssoner har ekstra strenge reglar for fiske med not- og garn etter marine artar, som utanfor Daleelva og Vossovassdraget, sjå forskrifta. 

Fangstreiskap og båt skal til ein kvar tid vere minst 100 meter frå grense elv/sjø (100-metersona). 

Fredingssonene er skilta. Grense til munningsfredingssoner finn du i Fylkesatlas under temalaget "munningsfredningssoner". 

Tal for fiskereiskap (stong og handsnøre) og agn

Ved fiske frå land er det lov å nytte ei stong eller eitt handsnøre per person. Det er lov med inntil to agn per stong eller handsnøre. Ved fiske frå båt er det lov å bruke to reiskap (stong eller handsnøre) per båt, men berre eitt agn per reiskap. 

I tillegg til agntypane som er lov å nytte i ferskvatn (mark, sluk, spinner, wobbler og flue), er det òg lov med anna agn, som til dømes brisling og reke. Sjå forskrift om reiskap mv. ved laksefiske

Fiske utanfor kraftverksutløp

Det er lov å fiske utanfor kraftverksutløp etter laksefisk og saltvassfisk heile året, men det er unntak utanfor nokre kraftverk i Høyanger og Bremanger kommune. Dersom kraftverksutløpet munner ut i ei munningsfredingssone, gjeld fisketida for sona. Sjå forskrifta.

Nedsenking av garn utanfor munningsfredingssonene

I perioden 1. mars-30. september skal alle garn, uansett storleik på maskevidde, seknast ned tre meter under havoverflata. Heile fangstdelen skal senkast ned (den delen av garnet som fanger fisk). 

Påbodet om nedsenking gjeld ikkje yrkesfiskarar som fiskar etter anna fisk enn laksefisk.

Ingen garn kan setjast nærare 100 meter frå elvemunningane. I nokre fredingssoner er det heilt forbode mot garn- og/eller notfiske. Sjå forskrifta. 

Forbod mot fiske av laks og sjøaure i Hardangerfjorden

I Hardangerfjorden frå 1. mars til og med 30. april er det ikkje lov å fiske etter laks og sjøaure med stang og handsnøre frå båt og land. Forbodet er innført av omsyn til dei svake stammene av sjøaure i Hardanger. Forbodet gjeld i midtre og indre Hardangerfjord, frå ei linje ved Bleiknes ved Husnes over til Ystadnes ved Ølve i Kvinnherad kommune, og innover. Forbodet er vedteke i ei nasjonal forskrift: Forskrift om fiske etter anadrome laksefisk i sjøen

Fiske med fastståande reiskap (lakseverpe og kilenot)

Fiske med fastståande reiskap er knytt til grunneigarretten. Skal du fiske etter laks og sjøaure med kilenot, lakseverp eller krokgarn (med fellesnamnet fastståande reiskap) må du ha fiskerett eller løyve frå grunneigar, og registrert deg for fiske hjå Statsforvaltaren. Du må betale statleg fiskaravgift for å delta i dette fisket.  

Berre Dalsfjorden og Nordfjord er opna for fiske med fastståande reiskap. Merk at det kan vere ulik fisketid mellom dei ulike områda. Fastståande reiskap må ikkje setjast nærare enn 100 meter frå elvemunning, eller i munningsfredingssone. 

For å delta i fisket med fastståande reiskap må du registrere deg i Lakseregisteret – sjølaksefiske ein månad innan fisket tek til. For fisketider med fastståande reiskap i sjø, sjå Forskrift om fisketider i sjøen.

Merking av fiskereiskap

Reiskap skal vera tydeleg merka. Setjegarn skal merkast med namn og adresse. Fastståande reiskap skal merkast med fylkesregistreringsnummer eller SSB nummer.

Fangst av rømt oppdrettsfisk

Fangst av rømt oppdrettsfisk bør meldast til Fiskeridirektoratet. Du kan sende inn tips her: https://www.fiskeridir.no/tips-oss

Reglar for fiske etter saltvassfisk og skalldyr 

Fiskeridirektoratet har forvaltningsansvar for fiske etter saltvassfisk, hummer, krabbe og andre organismar som lev i sjøen. Reglar for fritidsfiske i sjø finn du på deira nettside: Fritidsfiske | Fiskeridirektoratet. I fritidsfiskeappen kan du lese om reglar for artar, reiskap og ferdsel på sjøen. Du kan óg kontakte Fiskeridirektoratet på telefonnummer: 55 23 80 00. 

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.