Nytt frå Kommuneproposisjonen for 2016

Kommuneproposisjonen for 2016 blei lagt fram 12. mai. Vi har laga eit samandrag av hovudpunkta:

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 13.05.2015

Endringar i opplegget for 2015 i RNB 2015

Skatteinntektene er  nedjustert med 1,6 mrd. kr Av dette gjeld  1 322 mill. kr kommunane. Det reviderte skatteoverslaget inneber ein vekst på 4,6 % i høve til rekneskapstal for 2014, mot 5,6 % etter opplegget i i statsbudsjettet i haust.

Samstundes er deflatoren  nedjustert frå 3,0 til 2,9%, grunnen er lågare lønsvekst enn føresett.

Netto inneber dette ein inntektssvikt på 1,3 mrd. for kommunesektoren.

Rammeoverføringa blir føreslått  auka med 1,1 mrd. kr. Av dette  går 907,8 mill. til kommunane. Av denne summen er  853 mill. kr fordelt etter kommunanes del av skatteinntektene inkl . inntektsutjamning i 2014. Vidare føreslår regjeringa at 54,8 mill. kr blir fordelt til kommunar som taper på omlegginga av uføreskattlegginga. (kommunar med høgare del skatteinntekter og lågare del uføre enn snittet). Kommunar med tap over 35 kr pr. innbyggjar får kompensasjon for dette tapet.

For kommunane i Rogaland utgjer styrkinga 92,65 mill. kr, jf. tabellen nedst.

Det økonomiske opplegget for 2016

Regjeringa legg opp til ein realvekst i kommunesektorens samla inntekter i 2016 på mellom 6 og 7 mrd . kroner, noko som  svarar til 1,4 og 1,6 %.

Av veksten vil 4,5 til 5 mrd. kroner vera frie inntekter, som svarar til 1,3 til 1,5 %. (Dette er om lag som  nivået i perioden 2008 til 2014).Regjeringa legg med dette til rette for vidareutvikling av velferdstilbodet til innbyggjarane.

Veksten i frie inntekter skal dekka meirutgifter som følgje av den demografiske utviklinga (folketilvekst m.v.) på 1,7 mrd. kr av samla meirutgifter på 2,1 mrd. og auka pensjonskostnader på 0,9 mrd. kr. Samla bind dette opp 2,6 mrd. kr av veksten. Dette inneber at sektoren har eit handlingsrom til vidareutvikling av dei kommunale velferdstenestene. 

Som vanleg er inntektsveksten for neste år basert på inntektsnivået for 2015 i revidert nasjonalbudsjett. Dersom inntektsoverslaga blir endra når statsbudsjettet blir lagt fram 7. oktober kan den varsla inntektsveksten for 2016 bli endra.

Tilbakeføring av selskapsskatten.

For å gi eit insentiv til å leggja til rette for lokal næringsutvikling blir det føreslått ei ny ordning for tilbakeføring av selskapsskatt.

Den nye inntekta skal baserast på vekst i lønsgrunnlaget i private føretak i kommunen over ein periode. Den delen kvar kommune får av den nye inntekta vil tilsvara den delen kommunen har av samla vekst i verdiskaping. Alle kommunar med ei positiv utvikling og ikkje berre dei som i utgangspunktet har det rikaste næringslivet, kan få ein del av den nye inntekta.

Ordninga vil bli innført i 2016 men først få verknad frå 2017. For å gjera ordninga meir stabil vil ein nytta vekst i lønssum over ein periode på  4 år. I 2017 vil inntekta vera basert på  vekst frå eit gjennomsnitt av åra 2012-2014 til eit gjennomsnitt av åra  2013-2015. Inntekta vil bli tildelt gjennom rammetilskotet, men bli utjamna saman med dei kommunale skatteinntektene, slik som den gamle ordninga. Samla sum i 2017 er rekna å utgjera ca. 3 mrd. kr eller eitt prosentpoeng av selskaps-skattesatsen på 27 %. Men korleis dette vil slå ut for einskildkommunar er det for tidleg å seia noko om.

Foreldrebetaling i barnehagar

Frå 1. mai gjeld ei nasjonal ordning for redusert foreldrebetaling i barnehagen. Dette inneber at foreldrebetalinga maksimalt skal utgjera seks prosent av hushaldninga si samla inntekt (person- og kapitalinntekt). Det er i statsbudsjettet for 2015 løyvt 235 mill. kroner over rammetilskotet til denne ordninga. Heilårseffekten er 391 mill. kroner.

Sidan moderasjonsordninga blir  innført underveis i eit barnehageår, vil kommunane i år måtta behandla søknader om moderasjon to gonger.  For å kompensera for dette blir  det føreslått ei eingongsløyving  på 41,7 mill. kroner i revidert nasjonalbudsjett.

Statsbudsjettet for 2016 blir lagt fram 7. oktober

Vi minner elles om Kommuneøkonomidagen torsdag 21. mai der kommuneproposisjonen er eit hovudtema (saman med kommunereform).

Lenkje til Kommuneproposisjonen for 2016.

Lenkje til pressemelding om ekstramidlar for 2015

Fordeling på kommunar:

Kommune

Styrking av kommune-økonomien (fordelt etter skatteandel)

Kompensasjon endringer i uføre-beskatningen

Sum styrking kommuneøkonomien
RNB 2015

 

(1000 kr)

(1000 kr)

(1000 kr)

1101 Eigersund

2 525

0

2 525

1102 Sandnes

12 842

1 244

14 086

1103 Stavanger

25 537

7 966

33 503

1106 Haugesund

5 964

0

5 964

1111 Sokndal

517

0

517

1112 Lund

505

0

505

1114 Bjerkreim

449

0

449

1119 Hå

2 942

0

2 942

1120 Klepp

3 129

0

3 129

1121 Time

3 063

0

3 063

1122 Gjesdal

1 877

0

1 877

1124 Sola

4 912

1 497

6 409

1127 Randaberg

1 927

366

2 293

1129 Forsand

189

0

189

1130 Strand

1 993

0

1 993

1133 Hjelmeland

443

0

443

1134 Suldal

606

0

606

1135 Sauda

758

0

758

1141 Finnøy

521

0

521

1142 Rennesøy

822

59

881

1144 Kvitsøy

83

0

83

1145 Bokn

136

0

136

1146 Tysvær

1 714

0

1 714

1149 Karmøy

6 605

0

6 605

1151 Utsira

33

0

33

1160 Vindafjord

1 428

0

1 428

Rogaland

81 519

11 132

92 651

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.