Ny abonnementsløysing for naturfarevarsel

Den nye abonnementsløysinga for farevarsel frå varsom.no innheld varsel om alle landbaserte varsel frå Norges Vassdrags- og energidirektorat og Meteorologisk institutt (MET).  I tillegg til flaum og skred gjeld dei nye varsla regnbyger, vindkast, skogbrannfare osv.

Abonnementsinformasjon

NVE har samarbeidd med MET og Statens vegvesen (SVV) om å vidareutvikle abonnementsløysinga for naturfarevarsel. Den nye versjonen har vorte meir brukarvenleg, han tilfredsstiller krava til GDPR og universell utforming, i tillegg er abonnementet gratis.

Ved å teikne eit abonnement får du varsel på e-post/SMS med det same det er publisert på varsom.no. E-posten/SMS-en inneheld ei lenkje til varselet på varsom.no. Du må alltid klikke på lenkja og lese varselet der, ettersom informasjonen i e-posten/SMS-en er svært avgrensa. Du kan sjølv avgjere abonnementstype ved å velje naturfaretype, område (kommune, fylke eller region), varslingsnivå og korleis du ønskjer å få varselet tilsendt (e-post og/eller SMS).

NVE rår til at alle som abonnerer på varsel om flaum- og jordskredfare vel gult nivå som det lågaste varslingsnivået. Vidare rår dei til at alle som abonnerer på varsel om flaum- og jordskredfare òg vel «varsel om regnbyger». Det er eit samordna varsel utarbeidd av MET og NVE som mellom anna tilseier «fare for overvann i tettbygde områder, lokale oversvømmelser, bekke- og elveløpsendringer, jord- og flomskred der regnbygene treffer.»

Informasjon om pålogging

Viss du allereie har eit abonnement og ønskjer å behalde det, kan du logge inn ved å velje «Allerede registrert abonnement.» Den nye abonnementsløysinga støttar ikkje pålogging med Google eller Facebook. Har du slik pålogging må du opprette eit nytt abonnement før 1. oktober ved å klikke «Registrer». Har du gløymt passordet, klikk «Glemt brukernavn eller passord» og følg instruksjonen.  

Viss du har spørsmål om tenesta kan du ta kontakt med NVE: varsom-abonner@nve.no