Forureina grunn

Foto: Statsforvalteren i Innlandet.
Oppdatert 20.05.2021

Forureina grunn er jord eller berggrunn der konsentrasjonen av helse- eller miljøfarlege stoff er høgare enn dei fastsette normverdiane for forureina grunn, eller andre helse- og miljøfarlege stoff som etter ei risikovurdering må jamstillast med desse.

Grunn der konsentrasjonen av uorganiske helse- eller miljøfarlege stoff ikkje er høgare enn det naturlege bakgrunnsnivået i området der ein planlegg eit terrenginngrep, skal likevel ikkje reknast som forureina. Grunn som dannar syre eller andre stoff som kan føre til forureining i kontakt med vatn eller luft, til dømes berggrunn med alunskifer, reknast som forureina grunn dersom noko anna ikkje er dokumentert.

Opplysningar om forureina grunn skal registrerast i databasen Grunnforurensning. Databasen inkluderer eigedommar der det er registrert eller ein har grunn til å mistenkje forureining i grunnen, og er tilgjengeleg for alle.

Forurensningsforskriften kapittel 2 gjeld ved byggje- og gravesaker i forureina grunn. Det er kommunen som er forureiningsmyndigheit. Kommunen pliktar å sørgje for at saksbehandling etter forurensningsforskriften i størst mogleg grad samordnast med behandling etter plan- og bygningsloven. Vidare har kommunen plikt til å oppdatere og leggje inn data i Grunnforurensning.

Miljødirektoratet er forureiningsmyndigheit i saker der det ikkje er planlagd byggje- og gravearbeid. Statsforvalteren er myndigheit i saker med forureina grunn dersom desse er tilknytt ein av bransjane som er delegert til Statsforvalteren.

Forureiningsforskrifta kapittel 2 omfattar ikkje mudring og dumping. For slike saker er det Statsforvalteren som er myndigheit. For tiltak på land som blir behandla etter forureiningsforskrifta kapittel 2 og som strekkjer seg ut i sjøen, bør rett myndigheit vurderast i kvar einskild sak.

Stader der det kan vere naturleg å undersøke for grunnforureining:

  • Eigedomar som har blitt brukt til industriverksemd eller avfallshandtering.
  • Eigedomar der har blitt utført fleire rivingsarbeid og rehabilitering av bygningar.
  • Branntomter.
  • Eigedomar med restforureining frå tidlegare oppryddingstiltak.
  • Eigedomar som ligg inntil eller nedstraums for eigedomar som er forureina.
  • Eigedomar med alunskifer i grunnen.
  • I eldre og sentrale delar av byar.