Ti år med utvald kulturlandskap i Nordherad blir feira 14.-15. september

(Foto: Stig Horsberg)

Det har vore ti år med stor tiltakslyst sidan Nordherad i Vågå vart eitt av dei då 20 nasjonalt utvalde kulturlandskapa i Noreg. Jubileumet blir feira med eit ope arrangement helga 14.-15.9 med utgangspunkt i det restaurerte rydningsbruket Flåten.

Det er 20 år sidan starten på "Områdetiltak i Nordherad", som etter kvart vart Nordheradsprosjektet, og ti år sidan Nordherad vart med blant dei utvalde kulturlandskapa. Fylkesmannen har forvalta årlege midlar til tiltak i grenda frå eit "spleiselag" mellom jordbruksavtalen og Klima- og miljødepartementet. Du finn ei kort, illustrert oppsummering av kva tiltak som er gjennomført til høgre på sida.

Dei no 45 utvalde kulturlandskapa i Noreg er ei samling av dei mest verdifulle kulturlandskapa vi har. Dette er særeigne jordbrukslandskap med store biologiske og kulturhistoriske verdiar, skapt av menneske i samspel med naturen gjennom mange generasjonar. Arbeidet i områda er tufta på eit frivillig samarbeid mellom grunneigarar/drivarar og styresmaktene.

Dobbeltjubileumet blir feira på Flåten laurdag 14. september kl. 14.00. Der blir det

  • Musikalske bidrag frå Ragna Valde Sletten, Kjetil Visdal og Martin Barlund.
  • Helsingar frå nyvald ordførar og representantar for Fylkesmannen og fylkeskonservator.
  • Jo Kåre Bakke fortel om familiane som bygde opp og budde på Flåten og andre bruk nordmed Landom.
  • Camp/aktivitetar for ungane ved Sofie Kleppe.
  • Servering av Flåtsupe (kjøtsupe), hardbrød og heimbryggja øl.

Utover kvelden blir det sosialt samvær, gode historier frå grenda og kanskje nokre  «kvæke leikje». 

Sundag 15. september

Blir det gaida tur til Flåten med Bjørg Schultz og Per Stabell som gaidar.  

Start frå Midtli kl. 11.00.

Når turfølget kjem åt Grevrusten, vil Knut Arild Teigum fortelja om historia til plassen og restaureringsarbeidet der.

På Flåten blir det opne hus og sosialt samvær. Grendalaget serverer kaffi og kringle.

Det blir omvising og orientering om arbeidet med Flåten.

Båe dagane er det ønskjeleg at flest mogleg parkerer ved grendehuset Midtli og tek med sitjeunderlag og godt med klede. Det er ca. 3 km å gå i lett terreng. Sjå oversiktskart til høgre på sida.