Søknadsfrist for tilskott til tiltak i Nordherad i 2019

Maskinell rydding av beite attgrodd med gråor og andre lauvtre (Nordgard Viste)
Maskinell rydding av beite attgrodd med gråor og andre lauvtre (Nordgard Viste) (Foto: Stig Horsberg)

I 2019 er det sett av 860 000 kroner til tilskott til investeringstiltak frå årsbudsjettet for «Nordherad utvald kulturlandskap». Du kan søke om tilskott innan 1. juni 2019.

Bruk søknadsskjemaet som kan lastast ned på denne sida. Du kan fylle ut og sende inn skjemaet elektronisk eller på papir. Søknaden skal sendast Landbrukskontoret for Sel og Vågå. Det er Fylkesmannen som gjer vedtak om tilskott.

Tilskott til investeringstiltak i utvalde kulturlandskap blir behandla etter «forskrift om tilskudd til tiltak i utvalgte kulturlandskap i jordbruket og verdensarvområdene Vegaøyan og Vestnorsk fjordlandskap». Tiltak må vera i samsvar med formålet med ordninga og måla i forvaltningsplanen for Nordherad (sjå nettsida til Fylkesmannen i Oppland).

Istandsetting og sikring av bygningar og kulturminne

For bygningar blir det gitt tilskott til tiltak for å sikre/reparere bygningskroppen med grunnmur, dørar/vindauge. Standardheving/innvendig opprusting fell utanfor, med unntak for driftsbygningar i landbruket, jf. neste punkt. Bygningar med bevaringsverdi må ha ein tiltaksplan som tar antikvariske omsyn.

Ein kan og få tilskott til kulturminne som ein ønskjer å sette i stand, sikre mot forfall eller synleggjera.

I den årlege prioriteringa blir det lagt vekt på m.a. desse kriteria:

  • Kor utsett og sjeldan bygningen/kulturminnet er
  • Kor representativ og autentisk bygningen/kulturminnet er
  • Verdi for dokumentasjon og historieforteljing
  • Aktuell bruksverdi i næring
  • Føresetnader for ei vellykka restaurering

Andre tiltak

Andre tiltak kan m.a. vera

  • Rydding/tynning av attgroingsareal
  • Mindre, driftsmessige tiltak som fell utanom bygdeutviklingstilskotta
  • Oppsetting av gjerde for å kunne ta i bruk innmarksbeite
  • Bygg eller anlegg som bidrar til å halde i hevd natur- og kulturverdiar
  • Tiltak som legg til rette for ferdsel og oppleving og informasjonstiltak

Det kan og i spesielle høve bli gitt tilskott til planlegging av tiltak.

Tiltaka blir prioriterte ut frå kva effekt dei vil ha for natur- og kulturverdiar, og driftsmessige tiltak som bidrar til å ta vare på miljøverdiar t.d. gjennom beiting har høg prioritet. Det blir og lagt vekt på:

  • Heilskaplege miljø
  • Allmenn tilgjengelegheit/bruk
  • Planlegging i fellesskap og samarbeid om gjennomføring

I kostnadsoverslag for tiltaka blir det for 2017 gått ut frå ein kostnad på 310 kr/time for eige arbeid frå eigar og vaksne medlemmar av huslyden. For dugnad frå andre enn huslyden er satsen 155 kr/time (16 år og eldre) eller 115 kr/time for yngre. For eige arbeid som blir utført med traktor etc. kan det godkjennast ein høgare timesats.

Tiltakskategoriar og tilskottssatsar:

Kategori med eksempel

Kommentar/eksempel

Tilskottssats

1

«Bolig»: Våninghus, sel med boligstandard

Kan vurdere høgare sats for ekstra kostnader pga. antikvariske omsyn

25-35 %

2

«Tun»: Driftsbygningar og andre bygningar som vil bli brukte i næring, kulturminne i private område

Det kan ev. søkast BU-midlar til innvendige tiltak (sjå òg pkt. 5)

35-50 %

3

«Nærmiljø»: Andre bygningar på/nær gardstunet, tilrettelegging for ferdsel

Stabbur, tørrstugu, smie, rydding av stigar

50-60 %

4

«Landskap»: Tiltak med liten privat nytteverdi, bygningar utanfor gardstunet, kulturminne i fellesområde, rydde beite

Lyu, husmannsplass, uthus på seter, tufter, vassveiter

60-80 %

5

«Drift»: Mindre driftsmessige tiltak som fell utanom bygdeutviklingsmidlane

Driftsbygningar og andre anlegg (mekanisering, mindre ombyggingstiltak)

Opptil 115 000 kroner pr. tiltak, maks. 40 %

 

Viktige tiltak i «UKL-arbeidet» i 2019:

  • Det blir arbeidd med å finansiere og detaljplanleggja ei oppgradering av «Ulvestigen»
  • Slåttekurs rundt månadskiftet juli/august
  • Evaluering av skjøtselsplanane og avtalene om årlege drifts- og skjøtselstilskott
  • Jubileumsarrangement på Flåten 14.-15. september – Utvalde kulturlandskap er 10 år!
  • Vi håper og å få til ein eller to markdagar om aktuelle tema på ettersommaren
  • Førebu overføring av UKL-forvaltninga til kommunen frå 2020

Har du spørsmål eller treng råd om å søke tilskott eller andre ting som gjeld kulturlandskapet i Nordherad, kontakt Landbrukskontoret v/ Kjersti Reksen (kjersti.reksen@vaga.kommune.no) eller leiar i Nordheradsprosjektet, Einar Hårstad (einhaars@online.no) .